Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei mellombels stilling som forskar på heiltid. Stillinga er eksternt finansiert av Noregs forskingsråd og ein del av prosjektet "Dynamics of Affect Modulation in Neurodevelopmental Disorders" (DynAMoND)". Prosjektet har mellombels finansiering i 14 månader.Prosjektet «Dynamics of Affect Modulation in Neurodevelopmental Disorders» (DynAMoND) er eit samarbeid mellom forskarar i Noreg (UiB og Haukeland universitetssjukehus), Tyskland, Italia, Spania og Sveits. Om du vil ha meir informasjon, kan du sjå denne nettsida.
Oppmerksemdssvikt/hyperaktivitetsforstyrring (ADHD), bipolar liding (BipD) og borderline personlegheitsforstyrring (BPersD) er gjentakande nevroutviklingsforstyrringar som dukkar opp i barndommen eller ungdomsåra, og har ein langvarig bane inn i vaksen alder, kor dei ofte varer ved. Alle tre lidingane er prega av lang- eller kortsiktige svingningar i affektive tilstandar og emosjonell dysregulering. ED er ein dimensjonal konstruksjon, som refererer til raske og overdrivne endringar i emosjonelle tilstandar. DynAMoND-prosjektet tar sikte på å teste om dynamikken i humørsvingningar er forskjellige mellom ADHD, BipD og BPersD, og frå nevrotypiske kontrollar.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Bidra til deltakerrekruttering og oppfølging lokalt i Bergen, og som ein del av DynAMoND-konsortiet
Delta aktivt på prosjektmøter i Bergen og saman med andre DynAMoND-medlemmer på nett og andre stader i Europa
Samle inn, harmonisere og analysere kliniske data og smarttelefonavleda parametere på tvers av alle prosjektstader i samarbeid med andre DynAMoND-prosjektdeltakarar, spesielt i samarbeid med Det tekniske universitet i Karlsruhe (KIT)
Presentere data og analysar på prosjektmøter, konferansar og i vitskaplege manuskript, spesielt knytt til påverknad av stress på DynAffect parametere og søvn (inkludert medieringsanalyse av stressoreksponering og søvn)
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkaren må ha relevant norsk doktorgrad eller tilsvarande doktorgrad, fortrinnsvis innan psykiatri, psykologi eller nevrovitskap
Søkaren må ha erfaring frå klinisk forsking innan psykiatri/psykologi eller barne- og ungdomspsykiatri/psykologi
Erfaring/formell opplæring innan helseteknologi, sensorteknologi, analyse og prosessering av store datasett er ein føresetnad
Søkaren bør ha erfaring med rådgjeving, undervisning, manuskriptskriving og fortrinnsvis også å skrive prosjektsøknader
Publisering på internasjonalt nivå er eit krav. Dokumentert erfaring frå human dataanalyse er eit krav
Personlege eigenskapar, herunder evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide i ein forskingsgruppe vil bli vurdert
Søkaren må vere motivert og ansvarstakende, og ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
Evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg på norsk og engelsk er eit absolutt krav
Erfaring med internasjonalt samarbeid er ein fordel
Søkarens personlege eignaheit for stillinga er ein vesentleg faktor i vurderinga.
Vi kan tilby:
Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø
Løn for tida kr 635 400 (kode 1109) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 657 300, brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse
Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format)
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden. Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar:
Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
Lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Jan Haavik, e-post: jan.haavik@uib.
«UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.»
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.