Forskar (prosjektkoordinator, mellombels) ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL)
Søknadsfrist: 17.11.2024
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar (prosjektkoordinator)
Vi ønskjer deg velkommen til å søkje på ei interessant og utfordrande stilling ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL), Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen. Instituttet har ledig ei mellombels 100 % forskartstilling som prosjektkoordinator. Stillinga er for ein periode på 3 år med oppstart 1. februar 2025 og knytt til prosjektet «Trust and identity among European adolescents and emerging adults» (ENGAGED), finansiert av Horisont Europa. HEMIL er koordinator for prosjektet.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
ENGAGED skal undersøkje kva rolle sosial, kulturell og politisk identitet spelar for ungdom og unge vaksne sitt engasjement og deltaking i lokalsamfunnet og demokratiske prosessar. Gjennom prosjektet skal det samlast inn kvalitative og kvantitative data frå fem partnarland (England, Noreg, Portugal, Romania og Spania). Vidare skal ungdom i samarbeid med tre frivillige organisasjonar i England, Portugal og Spania utforme forslag til politikarar på kva tiltak som er viktige for å engasjere ungdom i lokalmiljøet og i demokratiske prosessar.
Arbeidsoppgåver inkluderer:
vere den næraste medarbeidaren til prosjektleiaren
vere ansvarleg for dagleg koordinering og administrasjon av prosjektet og ha dialog med dei involverte universiteta og partnarane
ha ansvar for oppfølging av prosjektadministrasjon og informasjonsflyt, budsjett, saksarbeid og utviklings- og utgreiingsoppgåver
koordinere og gjennomføre rapportering til EU
delta i databehandling, kvalitetssikring, rapportering og publisering
delta i tilsvarande arbeidsoppgåver i prosjektet «Health Behaviour in School-aged Children», som bidrar med dei kvantitative dataene til prosjektet
bidra i forskningsgruppa Social Influence Processes on Adolescent Health (SIPA)
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha:
mastergrad, gjerne i helsefremmande arbeid
kunnskap om juridiske og etiske retningslinjer for handtering av persondata
god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk
evne til å arbeide systematisk og strukturert
evne til å takle samansette oppgåver og ha god arbeidskapasitet
evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
evne til å vere fleksibel og til å finne løysingar
gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
engasjement og interesse for forsking
kreativitet og evne til å ta initiativ
personlege eigenskapar som passar til stillinga
Søkjar bør ha:
relevant erfaring med prosjektkoordinering, og erfaring frå internasjonalt samarbeid/prosjekt er ei føremon
erfaring med behandling av kvantitative forskingsdata, samt kjennskap til kvalitativ analyse
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Løn etter lønssteg 54 -58 ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 200- 565 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
CV
Attesterte kopiar av karakterutskrifter, vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på originalspråket og autoriserte omsetjingar)
Liste over eventuelle vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vi gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen som er tilgjengeleg i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at all informasjonen er lagt inn innan fristen
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.