Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar (mellombels) ved Klinisk institutt 2
Ved Det medisinske fakultet, klinisk institutt 2, er det ledig ei mellombels stilling som forskar (5 %) i 2 år. Forskar skal koordinere administrativt arbeid ved CAMRIA og Gruppe 11.Stillinga er knytt til prosjektet “CAMRIA”, finansiert av Trond Mohn Stiftelse som prosjektkoordinatorer.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Må ha erfaring med daglig administrasjon og planlegging av seminar
Må ha erfaring med prosjektstyring og rapportering
Må ha kunnskap om design og redigering av internettside i webpress
Må ha erfaring med arrangering av internasjonalt møte om AMR.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Må ha norsk mastergrad i språk eller tilsvarande kompetanse
Må beherske norsk og engelsk på høgt nivå, munnleg og skriftleg
Søkjar må ha omfattande kunnskapar om prosjektstyring
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Søkjar må ha stor arbeidskapasitet, entusiasme for forsking og vere ansvarsmedviten
Søkjar må dokumentere evne til å jobbe sjølvstendig, vitskapleg kreativitet, og å kunne samarbeide med andre
Vi kan tilby:
Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan infeksjon og virologi
Løn for tida kr 509 300 brutto pr. år (kode 1108, lønnssteg 51) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing.
Vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
Eventuelle publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar:
Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
Lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette
Generell informasjon:
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.