Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar (mellombels)
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei mellombels stilling som forskar (100%) i 23 månader frå tilsetjing. Stillinga er eksternt finansiert og knytt til FOREUM og NFR prosjektet "Genetic variants associated with Sjögren’s syndrome leading to differential gene expression in males and females and their functional impact on the immune system”.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Sjögrens syndrom har blant dei høgaste kvinne-til-mann-forholdet innan revmatiske sjukdommar (9:1), noe som gjer det svært interessant for studiar på kjønnsforskjellar i autoimmunitet. Genetiske studiar har identifisert polymorfismer assosiert med Sjögrens syndrom, og mange av desse genetiske variantane fører til såkalla uttrykks kvantitative loci (eQTL) effektar. Prosjektet bygger på ideen om at sex er ein biologisk kontekst som kan påvirke eQTL-effektane av Sjögrens syndrom-assosierte SNPer ulikt hos kvinner og menn. Vi søkjer å identifisere gen som er regulert, og utforske deira funksjonelle innverknad på immunforsvaret og rollen i utviklinga av autoimmunitet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha relevant norsk ph.d.- eller tilsvarende doktorgrad
fortrinnsvis erfaring med handtering av store og komplekse data samt bioinformatikk
erfaring med genetiske analysar, fortrinnsvis eQTL, vil være gunstig
erfaring med og/eller forståelse av immunologiske metodar vil være ein fordel
det er ein føresetnad at den vellykka søkjaren er i stand til å arbeide i eit tverrfagleg forskingsteam
personlege ferdigheiter, inkludert evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide innanfor ei forskingsgruppe vil bli evaluert
søkjaren må være motivert og ansvarleg, og ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
kandidaten må kunne kommunisera flytande på engelsk, munnleg og skriftleg
erfaring med internasjonalt samarbeid er ein fordel
Vi kan tilby:
eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt innan forsking på Sjögrens syndrom
løn etter lønssteg 64 (kode 1109/lønsramme 24.8), for tida kr 583 500, eller lønssteg 66 (spesialist: kode 1109/lønsramme 24.10) for tida kr 604 700. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing
søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga og kvifor stillinga er perfekt for deg
utfyllande CV
vitnemål og attestar
fullstendig publikasjonsliste
ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i PDF-format
PhD avhandlinga (pdf)
namn og kontaktinformasjon til minst to referansar
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:
forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.