Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin er det ledig ei 100% mellombels stilling som forskar i kode 1108 (uten doktorgrad) for ein periode på 1 år (12 mnd). Stillinga er eksternt finansiert gjennom NFR-prosjektet "An inverse translational research project for identifying new treatments for Parkinson's disease: The Epi screening project". Stillinga er knytt til Fagområde for Epidemiologi og Medisinsk statistikk (EPISTAT)
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Prosjektet nyttar avanserte metodar innanfor medisinsk statistikk og epidemiologi til å analysere data frå norske helseregister, med hovudfokus på medikamentdata frå Legemiddelregisteret. Målet er å identifisere medikament som er assosiert med auka eller redusert risiko for utvikling av Parkinson's sjukdom og progresjon av Parkinson's sjukdom. Dette kan gi ny informasjon om mekanismen bak sjukdomen og resultere i identifisering av allereie ekisterande medikament som kan brukast til behandling av sjukdomen. Forskaren vil ha ansvar for tilrettelegging og analyse av registerdata, utforming av vitskaplege artiklar og presentasjon av forskningsresultat på internasjonale konferansar. Det kan også vere aktuelt å delta i rettleiing av master og PhD-studentar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Må ha norsk mastergrad i epidemiologi, statistikk, nevrovitenskap eller tilsvarande kompetanse
Søkjar må dokumentere evne til å jobbe sjølvstendig, vitskapleg kreativitet, og å kunne samarbeide med andre
Søkjar må dokumentere erfaring frå forskning på Parkinson's sjukdom
Søkjar må ha erfaring med statistisk analyse av medikamentdata frå Legemiddelregisteret
Søkjar må ha høg kompetanse innanfor epidemiologiske metodar, spesielt metodar for kausal inferens basert på observasjonsdata som f.eks. emulering av randomiserte studiar i registerdata
Søkjar må ha kunnskap om programmering i statistikkpakken R og Stata
Søkjaren må være motivert og ansvarstakande med stor arbeidskapasitet og entusiasme for forskning
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Vi kan tilby:
Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan epidemiologisk forskning på Parkinson's sjukdom og andre nevrologiske sjukdomar
Løn for tida kr 550 000 brutto pr. år (kode 1108) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing.
Vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
Eventuelle publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar:
Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
Lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.