Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar (mellombels) - Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 23.02.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei mellombels stilling som forskar (100 %) frå februar 2020 til desember 2021.Stillinga er knytt til prosjektet “Development of novel combined CSFR1/FLT3-targeted therapy in acute myeloid leukaemia”, finansiert av Kreftforeninga.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Prosjektet tar for seg tumor-stroma og immunologiske mekanismar ved målretta behandling av akutt myelogen leukemi (AML). AML rammar flest eldre menneske, med median alder 70 år og med ein årleg førekomst på omtrent 17/100 000 av denne aldersgruppa. Eldre pasientar vil ofte ikkje tåle den mest effiktive behandlinga som er tilgjengeleg. Omtrent 30% av pasientane har mutasjon i FLT3, genet for en receptor tyrosin kinase. Betydinga av støtteceller og immunsystemet ved AML er i stor grad ukjent, men den mest effektive og kurerande behandlinga er allogen stamcelletransplantasjon. Derfor vil vi utvikle behandling retta mot immunceller og støtteceller.
  • Belyse biologien til receptor tyrosin kinasene CSF1R og FLT3 ved akutt myelogen leukemi (AML)
  • Terapi-utvikling av målretta behandling for AML, inkludert pre-klinisk utprøving
  • Utvikle biomarkørar for tidleg identifisering av respondere og non-respondere til slik behandling

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • må ha norsk mastergrad i medisinsk cellebiologi eller tilsvarande kompetanse
  • kurs i forsøksdyrlære er eit krav (FELASA C)
  • må ikkje ha allergi for dyr
  • søkjar må ha bred erfaring med behandlingsforsøk og dyrking av cellelinjer og celler frå pasientar med tilhørende metodar for å studere behandlingsrespons og molekylære mekanismer. Dette inkluderer celledød assays, farging av celler, cellesyklus analysar, flow cytometry og analysar av kvantitativt RT-PCR resultat. Spesiell fokus vil være på 1D immunblotting teknikkar og søkjar må også beherske og ha erfaring frå 2D immunblotting og tilhørande avanserte korrelerings analysar.
  • Søkjar må ha kjennskap til metoden mass cytometry og være villig til å lære seg denne
  • må beherske engelsk på høgt nivå, munnleg og skriftleg
  • søkjar må ha omfattande teoretiske kunnskapar om kreft forsking og cellebiologi
  • det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Søkjar må ha stor arbeidskapasitet, entusiasme for forsking og vere ansvarsmedviten.søkjar må dokumentere evne til å jobbe sjølvstendig, vitskapleg kreativitet, og å kunne samarbeide med andre.

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan medisinsk cellebiologi
  • løn frå lønssteg 51-61 etter tenesteansiennitet (kode 1108/lønsramme 25.5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida kr 456 400 - 542 400 brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

•CV

•vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)

•eventuelle publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse

•to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Bjørn Tore Gjertsen e-post: bjorn.gjertsen@uib.no, tlf.: +47 415 66 248

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS