LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar (Kvinnehjartet)

Søknadsfrist: 05.10.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Mellombels forskar

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar 

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei mellombels stilling som forskar (100 %) i 2 år frå 01.11.25.

Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til prosjekt Kvinnehjartet. 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Avansert analyse av hjarteultralydbilete
  • Statistisk analyse av multileveldata
  • Utarbeiding av prosjektsøknadar
  • Undervising og rettleiing av master og PhD studentar
  • Formidling om hjartesjukdom hos kvinner

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
  • Det er ønskjeleg at søkjar har vitskaplege kvalifikasjonar innan forsking på hjarte-karsjukdom
  • Søkjar må ha erfaring med avansert statistikk
  • Søkjar må ha erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar
  • Evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
  • Kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk og norsk
  • Det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid

Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan hjartesjukdom hos kvinner
  • Løn for tida kr 660 000 (kode 1109) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 680 000, brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse
  • Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden. 

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til
  • både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-
  • studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i
  • forskingsgruppa
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS