LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar i strukturgeologi

Søknadsfrist: 12.02.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar i strukturgeologi

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som forskar i strukturgeologi.

Stillinga er finansiert av eksterne middel og er tilknytt prosjektet FAUST2 (Fault diagenesis, fluid flow and seal along basin bounding faults in the Mesozoic rift basins of the North Atlantic region, Part 2: the East Greenland rift system).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Prosjektet vil fokusere på bassengavgrensande forkastninger i Øst-Grønland som sammenstiller syn-rift avsetningar mot krystallinsk kaledonsk grunnfjell, eller mot eldre paleozoiske intervall. Målet med dette prosjektet vil være å skape en regional forkastningsdiagenetisk syntese for de nordatlantiske mesozoiske riftbassengene, og å bidra til en betre grunnleggjande forståing av korleis forkastninger og bassengavsetninger blir påverka av endring, sementering og mineralisering forårsaka av forkastningskontrollert væskesirkulasjon og diagenese. Dette hovudmålet vil bli adressert gjennom en rekke delmål basert på analyse av blotningsdata og prøver: i) karakterisere forkastnings- og destruksjonssone til bassengbegrensende forkastninger; ii) samle prøver av forkastningsbergarter, årer og sement innanfor bassengbegrensende forkastningssoner og tilstøytande basinalavsetninger for å forstå den strukturelle og diagenetiske historia gjennom state-of-the-art laboratorieanalyse; iii) belyse samspelet mellom stratigrafisk arkitektur, deformasjon og diagenese langs bassengbegrensende forkastninger. Dette vil innebera feltarbeid på isolerte deler av Øst-Grønland i 2 påfølgande feltsesongar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.–grad eller tilsvarande utdanning innanfor strukturgeologi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Evne til å hente inn eksterne forskingsmiddel må dokumenterast.
  • Erfaring frå arbeid med geometri, vekst og/eller eigenskapar til bassengavgrensende forkastningssystemer er eit krav.
  • Erfaring frå arbeid med strukturstyrt diagenese er eit krav.
  • Erfaring frå feltbasert arbeid er eit krav.
  • Kompetanse og/eller erfaring frå bruk av en eller fleire av følgande teknikkar i forskinga di er ein fordel: U/Pb kalsittdatering, clumped isotope termometri, væskeinklusjonsanalyse.
  • Erfaring frå analoge eksperimenter og/eller numerisk modellering er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under.
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansierte.
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmiddel til fagmiljøet, til seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder.
  • Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med.
  • Instituttleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
  • Forskaren har normalt ikkje undervisningsplikt, men er forventa å rettleie master- og ph.d.- studentar, i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa.
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa tar slutt. Ny lov om statens tilsette mv. om oppseiing og fortrinnsrett vert då gjeldande.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 615 700 ,-(svarar til lønssteg 63) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Forskar 1109 i fast stilling kan søke om opprykk til forskar 1183 på grunnlag av kompetanseerklæring. Meir informasjon finst her.

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål,. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden, må du levere ei stadfesting på at doktoravhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgivar Chris-André Karlsen Østevold, e-post: Chris-andre.karlsen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS