LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar i romfysikk

Søknadsfrist: 24.07.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar i romfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei mellombels stilling som forskar innan romfysikk. Stillinga er for ein periode på 9 månadar og er knytt til eksternfinansiering frå ESA. Stillinga kan bli forlenga avhengig av videre finansiering.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Hovudmålet med prosjektet er å vidareutvikle teknikken for lokal kartlegging av polar ionosfærisk elektrodynamikk (Lompe) for bruk i observasjonssystemsimuleringseksperiment (OSSE) og demonstrere evnene den har i ulike scenario relatert til potensielle og komande ESA-misjonar. Forskaren vil arbeide med Python-kode for å utføre Lompe-analysar og utvikle nye analyse- og visualiseringsverktøy. I tillegg er det viktig å skrive rapportar og presentere arbeidet for det vitskapelege samfunnet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha ein norsk ph.d. eller ein tilsvarande grad i romfysikk.
  • Erfaring frå arbeid med Lompe eller liknande teknikkar er eit krav.
  • Erfaring med å arbeide med observasjonar av felt og partiklar frå satellittar i låg jordbane er eit krav.
  • Erfaring med å skrive vitskaplege fagfellevurderte artiklar er eit krav.
  • Erfaring i å handtere og analysere store datasett er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha evne til å samarbeide med andre.
  • Søkjarar må ha framifrå ferdigheiter i munnleg og skriftleg engelsk.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 624 500 (svarar til lønssteg 64) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Forskar Karl Laundal, Institutt for fysikk og teknologi, +47 913 50 772, karl.laundal@uib.no

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgiver Thea Thingnes, thea.thingnes@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS