LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar i marin mikrobiologi

Søknadsfrist: 05.02.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar i marin mikrobiologi

Ved Institutt for biovitskap er det ledig ei mellombels stilling som forskar i marin mikrobiologi.

Stillinga er for ein periode på 1 år og finansiert av EU.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga er knytt til forskingsgruppa si pågåande forskingsaktivitet. Arbeidsoppgåvene vil i første rekke vere knytt til opparbeiding, analyse av data og publisering frå prosjekta Arven etter Nansen og HAVOC (Ridges - Safe Havens for ice-associated Flora and Fauna in a Seasonally ice-covered Arctic Ocean) som er norsk partnar i det internasjonale MOSAiC- prosjektet. I dette arbeidet legg ein til grunn eit tett samarbeid med dei lokale, nasjonale og internasjonale partnarane i prosjektet. Deltaking i EU-prosjektet AQUACOSM-plus (Network of Leading Ecosystem Scale Experimental Aquatic Mesocosm Facilities Connecting Rivers, Lakes, Estuaries and Oceans in Europe and Beyond) vil óg vere viktig. Vidare skal forskaren bidra aktivt til utvikling av nye prosjekt og søknader til NFR og EU, med kompetanse på flow cytometri, på molekylære metodar for analysar av mikrobiell biodiversitet og på feltarbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innan marin mikrobiell økologi
  • Solid og dokumentert forskingserfaring i mikrobiologi, med særleg fokus på Arktis og marine økosystem, er eit krav.
  • Inngåande erfaring i bruk av flow cytometri og analyse av data frå denne typen instrument er eit krav.
  • Inngåande erfaring i bruk av molekylære metodar for analyse av mikrobiell diversitet er eit krav.
  • Søkjarar må ha gode kunnskapar om dei store forskingsprosjekta Arven etter Nansen og MOSAiC (The Multidisciplinary Drifting Observatory for the Study of Arctic Climate).
  • Eit breitt nettverk til forskingssamarbeid er ein føremon.
  • Erfaring frå undervisning i mikrobiell og kvantitativ økologi er ein føremon.
  • Erfaring frå feltarbeid/tokt i Arktis er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha evne å bidra til eksternfinansiert forskingsaktivitet.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr 573 900 (svarar til lønssteg 62) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskapelege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar (som vedlegg)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål kan du kontakte Mathilde Høgalmen, mathilde.hogalmen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS