Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar i klimamodellering

Søknadsfrist: 15.03.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei mellombels stilling som forskar innan klimamodellering knytt til prosjektet ERC CoG STERCP «Synchronisation to enhance reliability of climate predictions». Stillinga skal starta så snart som mogleg og avsluttast den 31.08.2021.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Det ERC CoG STERCP prosjektet fokuserer på er utvikling av superklimamodeller, som er eit optimalt kopla ensemble av klimamodellar. Stillinga vil fokusere på å teste og vidareutvikla STERCP sin superklimamodell for å betre prediksjon av klimaet og redusere usikkerheit i berekningane for klimaendringar. STERCP superklimamodellen forbinder tre jordsystemmodellar (NorESM, CESM og MPIESM) gjennom deira havkomponent ved å assimilere i kvar modell syntetiske observasjonar generert av eit vekta gjennomsnitt av dei tre modellane.

Målet med stillinga er å bidra i utviklinga av ein ny versjon av supermodellen der dei atmosfæriske modellkomponentane er kopla saman. Dette gjer ein ved å tilpasse og optimalisere «nudging»-metodar som er tilgjengelege i dei atmosfæriske modellane, og ved bruk av maskinlæringsmetodar for å justere supermodellen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.- grad eller tilsvarande utdanning innanfor meteorologi, oseanografi, fysikk, matematikk, informatikk, informasjonsteknologi eller relatert felt, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Det krevst solide ferdigheiter i databehandling i programmeringsspråk (spesielt FORTRAN), parallell programmering, UNIX / LINUX-plattformer og tolka språk (bash, Python).
  • Kandidatane må ha ein sterk bakgrunn innan klimamodellering eller informatikk
  • Erfaring med plattformer for styring og utvikling av store, samarbeidsprosjekta (f.eks. Git) er eit krav.
  • Erfaring med å jobbe med MPI-ESM eller noko annan sfærisk, harmonisk basert jordsystemmodell ville vere fordelaktig. Det vil også erfaring med å jobbe med NorESM eller CESM vere.
  • Ferdigheiter i å utføre simuleringar med jordsystemmodellar på datamaskiner med høg yteevne og analyse av observasjonar og modelldata er ein føremon.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjaren vil arbeide i eit spennande forskingsmiljø og må dermed ha gode samarbeidsevner.
  • Spesielle krav til stillinga er vilje og evne til å jobbe på tvers av faggrenser i et tverrfagleg team, samt å jobbe sjølvstendig med oppgåvene.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 523 200,00,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS