Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar i klimadynamikk

Søknadsfrist: 02.03.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei mellombels stilling som forskar i klimadynamikk. Stillinga er for ein periode på 2 år og er finansiert av Trond Mohn stiftelse.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga vil vere innanfor Bjerknes Climate Prediction Unit (BCPU) som fokuserer på å framskrive klima i Atlanterhavet og Arktis frå ein sesong og utover. Det vil vere synergiar med JPI Climate / JPI Oceans ROADMAP-prosjektet og Arven etter Nansen (NFR).

Hovudmålet for stillinga er å betre forståinga og modelleringa av mekanismar for klimavariabilitet i Atlanterhavet og dei arktiske regionane og dei omkringliggande kontinenta. Potensielle tema for forsking inkluderar (1) prosessane som styrer det lokale samspelet mellom det stratosfæriske/ troposfærekopla systemet, Atlanterhavet og den arktiske havisen, (2) prosessane som styrer den eksterne koplinga av dei ekstratropiske atlantiske regionane til tropane og Stillehavet, (3) effekt av naturleg og antropogen påverknad på stråling. Fokus vil vere på sesong-til-multidekadiske tidsskalaer. Arbeidet vil omfatte både analyse av data (modell, observasjonar og reanalyse) og å utføre klimamodellsimuleringar. Kandidaten vil i hovudsak bruke Norwegian Prediction Model (NorCPM) og delta i å utvikle og validere den stratosfærefokuserte versjonen av modellen. Det vil vere eit tett samarbeid med utviklarane av den norske jordsystem-modellen og klimaprediksjonsmodellar og andre gruppa som jobbar med dataassimilering.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor matematikk, fysikk, meteorologi, oseanografi, klimadynamikk eller anna relevant fagområda, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Den som vert tilsett må ha ein svært god forståing for ekstratropisk-atmosfærisk i eit kopla stratosfære/troposfære system.
  • Den som vert tilsett må ha erfaring med numerisk modellering og tungrekning
  • Svært gode ferdigheiter i programmering i FORTRAN, og minst eitt av språka Python, ncl, MATLAB og cdo, er eit krav.
  • Erfaring i analyse av klimadynamikk i Nord-Atlanteren, inkludert kopla stratosfære/troposfære interaksjonar, tilbakekopling og effekt av andre krefter vil vere ein føremon.
  • Erfaring med NorESM, CAM eller WACCM, saman med erfaring frå dynamikk i atmosfæriske modellar, er ein føremon.
  • Ferdigheiter i engelsk, skriftleg og munnleg er eit krav, for å publisere resultatar og kommunisere med andre forskarar.
  • Den som vert tilsett må ha vilje og evne til å arbeide på tvers av disiplinar i eit tverrfagleg team, så vel som sjølvstendig med eigne oppgåver.

I vurdering av søkjarane vil både kvalitet og breidde på forskinga bli lagt vekt på. Personlege eigenskapar og even til samarbeid vil bli lagt vekt på.

Vi kan tilby:

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 523 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS