Forskar i geodynamisk modellering og seismisk tolking av salttektonikk på passive marginar
Søknadsfrist: 10.01.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar 1109 i Geodynamisk modellering og seismisk tolking av salttektonikk på passive marginar
Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som forskar i geodynamisk modellering og seismisk tolking av salttektonikk på passive marginar. Den som blir tilsett må kunne starte i stillinga seinast innan 15.april 2024.
Stillinga er tilknytta det eksternt finansierte prosjektet “Deep In Salt–intra-salt structures, characterization, modellering, and seismic imaging”.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene vil omfatte: 1) Modellering av intra-saltstrukturar og å kombinere dette med seismiske data frå Nordsjøen og Santos saltbasseng. 2) Tolking av seismiske data frå den brasilianske Santos-marginen for å avgrense modellar for hyper-utvida marginar og tilhøyrande sedimentære basseng, inkludert salttektonikk. 3) Integrasjon av observasjonsavgrensingar frå den brasilianske passive marginen med dynamiske modellar for passiv margindanning, med særleg fokus på sedimentær bassengutvikling, tilhøyrande salttektonikk og forma på den distale marginen. 4) Undersøkja 3D-aspekt av salttektonikk på rifta marginar ved å bruke 3D framovermodellar. Prosjektet vil innebera samarbeid med Universitetet i Oslo, Universitetet i Pau (Frankrike) og Total.
Kandidaten som vert tilsett er forventa å ta ei leiande rolle i å utvikle forsking på desse områda og å publisere resultat i leiande, fagfellevurderte publikasjonar. Han/ho er og forventa å delta i andre aktivitetar/oppgåver som rettleiing av master og PhD-studentar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha norsk doktorgrad eller tilsvarande grad innan tektonikk/geodynamikk eller ha levert doktorgradsavhandlinga til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Evne til å hente inn eksterne forskingsmiddel må dokumenterast.
Bakgrunn frå kvantitativ tektonisk modellering og kvantitativ geovitskap er eit krav.
Dokumentert erfaring med framovermodellering av salttektonikk langs passive marginar er eit krav.
Erfaring med seismisk tolking av passive marginar med salttektonikk er eit krav.
Erfaring og forståing av dei sedimentære bassenga på den brasilianske riftmarginen er eit krav.
Dokumentert erfaring med å presentera og publisera forskingsresultat på internasjonalt nivå og dokumentert forskingspotensial er eit krav.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga:
Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under.
Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansierte.
Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmiddel til fagmiljøet, til seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder.
Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med.
Instituttleiar og prosjektleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
Forskaren har normalt ikkje undervisningsplikt, men er forventa å rettleie master- og ph.d.- studentar, i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskings-gruppa.
Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa tar slutt. Ny lov om statens tilsette mv. om oppseiing og fortrinnsrett vert då gjeldande.
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
Stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 615 700,- (svarar til lønssteg 63) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Forskar 1109 i fast stilling kan søke om opprykk til forskar 1183 på grunnlag av kompetanseerklæring. Meir informasjon finst her.
Søknaden skal innehalde:
ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
CV
karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden, må du levere ei stadfesting på at doktoravhandlinga er levert.
relevante attestar
liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:
Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet hører innunder
Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, til seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder
Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med.
Instituttleiar og prosjektleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
Forskaren har normalt ikkje undervisingsplikt, men er forventa å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa.
Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lovom statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Ritske Huismans, Institutt for geovitskap, Universitetet i Bergen, email: Ritske.Huismans@uib.no
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgivar Chris-André Karlsen Østevold, Institutt for geovitskap, Universitetet i Bergen, e-mail: Chris-andre.karlsen@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.