LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar i Evolusjonær utvikling og fysiologi

Søknadsfrist: 18.08.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Michael Sars-senteret held til på Marineholmen saman med andre forskingsinstitutt ved universitetet. Senteret er organisert som eit uavhengig forskingssenter plassert innanfor fakultetet for matematikk og naturvitskap og er partner med European Molecular Biological Laboratory (EMBL) i Heidelberg, Tyskland – Les meir her. 

Forskar:

Ved Michael Sars-senteret / Universitet i Bergen er det ledig ei mellombels stilling som forskar i evolusjonær utvikling og fysiologi i forskingsgruppa til Dr. Patrick Steinmetz. Stillinga er for ein periode på 19 månader og knytt til NFR FRIPRO-prosjektet 'NUTRIQUI'. Michael Sars-senteret høyrer til Universitetet i Bergen og er partnar i European Molecular Biology Laboratory (EMBL). Arbeidsstaden vil vere ved Michael Sars-senteret. Ønska startdato er 1.12.2024.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Forskargruppa er interessert i å forstå evolusjonen og den ernæringsmessige kontrollen av dyrevekst-homeostase. Ein av hovudforskningslinene i laboratoriet er å studere svoltindusert samantrekning i juvenile sjøanemonar, Nematostella. Den suksessfulle søkjaren vil studere den ernæringsmessige reguleringa av cellulær kvile i sjøanemonen Nematostella innan ramma av NFR FRIPRO-prosjektet 'NUTRIQUI'. Hovudoppgåva til forskaren er å arbeide tett saman med ein berekningsbiolog for å tolke og eksperimentelt validere komplementære RNA-Seq, ATAC-Seq og enkeltcelle RNA-Seq dataset ved hjelp av fysiologiske, bilete- og genetiske metodar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor biologi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Erfaring frå arbeid med juvenile Nematostella vectensis er eit krav
  • Erfaring med analysen av RNA-Seq dataset er eit krav
  • God kjennskap til statistiske metodar og programvare (R) er eit krav
  • Sterk interesse for å studere den miljømessige og/eller fysiologiske kontrollen av utviklingsprosessar er eit krav
  • Erfaring med å bruke fysiologiske, bilete- og genetiske metodar i Nematostella er ein føremon
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • stilling som forskar (kode 1109) i statens lønsregulativ og ei brutto årsløn på kr. 624 500,- (tilsvarande lønssteg 64) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. Høgare løn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkjarar
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknad på engelsk skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Veronica Stålhand, HR-rådgjevar, veronica.stalhand@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS