Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar i elektrokatalytisk CO2-reduksjon

Søknadsfrist: 29.01.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som forskar i reknebaserte studiar av elektrokatalytisk CO2-reduksjon. Stillinga er for ein periode på eitt år og knytt til eit prosjekt finansiert av eit nordisk forskarnettverk (Nordic Consortium for CO2 Conversion, NordCO2) innan CO2-konvertering.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

I prosjektet vil vi modellere, ved bruk av kvantekjemiske rekningar, elektrokatalytisk reduksjon av CO2 ved hjelp av transisjonsmetallbaserte katalysatorar. Desse rekningane skal, på den eine sida, bidra til innsikt i reaksjonsmekanismane for CO2-reduksjon. På den andre sida vil vi òg bruke rekningar til å føreseie nye og betre katalysatorar. For å effektivisere dette arbeidet er det aktuelt å nytte automatisert de novo molekyldesign. De-novo-molekyldesignmetodar bygger opp og modifiserer molekyler, bit for bit, til å oppfylle funksjoner slik som katalytisk aktivitet. Prosjektet og forskaren vil dra nytte av å delta i eit forskarnettverk (NordCO2) som arbeidar med CO2-konvertering i dei nordiske landa.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor kjemi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Formell kompetanse (kurs på universitetsnivå) i kvantekjemi er eit krav.
  • Formell kompetanse (kurs på universitetsnivå) i metallorganisk kjemi er eit krav.
  • Erfaring frå kvantekjemiske studiar av kjemiske reaksjonar katalysert av transisjonsmetallbaserte sambindingar er eit krav.
  • Erfaring frå bruk av de-novo-metodar for automatisert molekyldesign er eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Vi kan tilby:

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 523 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Vidar R. Jensen, Kjemisk institutt, tlf. +47-55583489 / e-post: Vidar.Jensen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS