Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar (20 %) - Centre for Cancer Biomarkers CCBIO

Søknadsfrist: 01.11.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Senter for framifrå forsking (SFF) Centre for Cancer Biomarkers CCBIO, ved Klinisk institutt 1 ved Det medisinske fakultet, er det ledig ei fast stilling som forskar (20 % stilling) i medisin (klinisk kreftforsking). Stillinga er eksternt finansiert av Noregs Forskingsråd og er for tida knytt til prosjektet «Prognostic and molecular markers in primary and metastatic cutaneous melanoma». Prosjektet har ei førebels finansiering fram til 30. juni 2023.

Arbeidsstad er ved CCBIO, K1, UIB.

Om CCBIO

CCBIO leiast av professor Lars A. Akslen og arbeider med biomarkørar for å oppnå ei betre forståing av kreftsvulstar og meir presis kreftbehandling. Forskarane har eit særleg fokus på mekanismar og markørar knytt til korleis svulstar veks og samhandlinga mellom svulstceller og mikromiljøet, og korleis dette påverkar kreftspreiing og prognose. Forskingsaktiviteten er organisert i fire program: basale studie og dyre-modellar (Program 1), kartlegging og validering av nye biomarkørar (Program 2), kliniske studiar (Program 3) og studiar av etiske-, økonomiske- og prioriteringsmessige problemstillingar (Program 4). CCBIO har ein sterk internasjonal profil og samarbeidspartnarar på verdsbasis og er ein av to stadar i Norden som har instrumentering for Imaging Mass Cytometry (IMC). Les meir om CCBIO.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet «Prognostic and molecular markers in primary and metastatic cutaneous melanoma» er del av CCBIO sitt Program 2 og går ut på å definere ulike subgrupper av aggressive melanomar ved hjelp av imaging mass cytometri (IMC; Hyperion Imaging System) utført på vevssnitt, med hovudvekt på markørar for immunceller og karstrukturer. Prosjektet sine eksisterande resultatar frå analyser av pasientmaterialar, inkludert kartlegging av genforandringar, vil bli samanholdt med klinisk informasjon og opplysingar om pasientane sine prognoser. Ved å anvende Imaging Mass Cytometry antas prosjektet å gi kvalitativt helt ny informasjon om biologisk heterogenitet ved melanomer.

Den som skal tilsetjast skal jobbe opp mot CCBIOs nasjonale og internasjonale partnerar innan CCBIO sitt biomarkørprogram. Kandidaten si hovudoppgåve blir å ferdigstille påbegynte analyser av proteinuttrykk i melanomvev og innarbeide nye og eksisterande prosjekt-data i manuskript som skal publiserast i fagfellevurderte vitskapelege tidsskrift.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
  • Kjennskap til prosjektet «Prognostic and molecular markers in primary and metastatic cutaneous melanoma» og dets resultat er eit krav
  • Søkjar må kunne dokumentere eiga forsking innan prognostiske biomarkørar og malignt melanom i hud
  • God kjennskap til det medisinske fagfeltet dermatologi og erfaring frå kreftforsking er eit krav
  • Erfaring med immunhistokjemi, PCR og Sanger-sekvensering er eit krav
  • Erfaring med immunhistokjemiske markørar for angiogenese og sentrale mutasjonar i melanom er eit krav
  • Erfaring med diagnostisering og behandling av pasientar med hudkreft er eit krav
  • Erfaring med analyser av store datasett, for eksempel overlevelsesanalysar, og bruk av forskjellige type dataverktøy er eit krav
  • Det forventast at kandidaten mestrar utvikling og analyser av avanserte immunoassay basert på massecytometri (Hyperion)
  • Det er ønskjeleg at vedkomande har erfaring med utarbeiding av prosjektsøknadar
  • Det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid
  • Det vert lagt vekt på erfaring innan leiing og koordinering av forskingsprosjekt
  • Norsk og engelsk skriftleg og munnleg flytande er eit krav
  • Det vert lagt spesiell vekt på personlege eigenskapar, blant anna dokumentert vilje og evne til samarbeid, høg arbeidskapasitet, entusiasme for forsking og evne til sjølvstendig initiativ

Vi kan tilby:

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan klinisk kreftforsking
  • Løn etter lønssteg 59 - 62 (kode 1109/lønsramme 24.3 – 24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 523 200 – 552 800 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet hører innunder
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, til
  • både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder
  • Forskaren har i vente å ha si forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og
  • forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • Forskaren har ikkje undervisingsplikt, men har i vente å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i
  • forskingsgruppa
  • Forskaren kan søke kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lovom statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS