LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar 1109 innan geodynamisk- overflateprosessmodellering av fjellbygging

Søknadsfrist: 25.03.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar 1109

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som forskar innan geodynamisk-overflateprosessmodellering av fjellbygging.

Stillinga er finansiert av eksterne middel. 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåver vil inkludere:

  1. 2D og 3D modellering av effekten av klimastyrte overflateprosessar på fjellbygging.
  2. Invers geodynamisk modellering av fjellbygging anvendt på Sør-Alpane i New Zealand.
  3. Undersøking av 3D-aspekt ved fjellkjedeformasjon med fokus på danning av orogene orokliner.

Prosjektet vil involvere pågåande samarbeid med GFZ Potsdam, SCRIPPS og Universitetet i Barcelona.

Kandidaten vil bli forventa å ta ei leiande rolle i å utvikle forsking innan desse områda og publisere resultat i leiande, fagfellevurderte publikasjonar. Han/ho vil også bli forventa å delta i andre aktivitetar/oppgåver som rettleiing av master- og PhD-studentar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk doktorgrad eller tilsvarande grad innan tektonikk/geodynamikk eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. 
  • Evne til å hente inn eksterne forskingsmiddel må dokumenterast.
  • Bakgrunn innan kvantitativ tektonisk modellering og kvantitativ geovitskap er eit krav.
  • Dokumentert erfaring med framover geodynamisk og overflateprosessmodellering av fjellbygging er eit krav.
  • Erfaring med og forståing av fjellkjeder som Pyreneane, Andesfjella og Sør-Alpane i New Zealand er eit krav.
  • Dokumentert evne til å presentere og publisere forskingsresultat på eit internasjonalt nivå, samt bevist forskingspotensial, er eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under.
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansierte.
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmiddel til fagmiljøet, til seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder.
  • Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med.
  • Instituttleiar og prosjektleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
  • Forskaren har normalt ikkje undervisningsplikt, men er forventa å rettleie master- og ph.d.- studentar, i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskings- gruppa.
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa tar slutt. Ny lov om statens tilsette mv. om oppseiing og fortrinnsrett vert då gjeldande.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr 624 500 ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Forskar 1109 i fast stilling kan søke om opprykk til forskar 1183 på grunnlag av kompetanseerklæring. Meir informasjon finst her.

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål,. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden, må du levere ei stadfesting på at doktoravhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Mathilde Høgalmen, mathilde.hogalmen@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS