LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar 1109 i datadrevet aerohydroelastisk analyse av offshore vindturbinar

Søknadsfrist: 28.03.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar 

Ved Geofysisk institutt (GFI) er det ledig ei stilling som forskar i datadrevet aerohydroelastisk analyse av offshore vindturbinar. Stillinga er finansiert av eksterne middel og vil dekkja ein stor del av aktivitetane ved Bergen Offshore Wind Centre (BOW), der fokuset er på å samanfatte grunnleggjande og bruksretta forsking innan vindkraft til havs. Dei første 3 åra er stillinga finansiert av prosjektet ERC Consolidator Grant Data-Driven Approaches in Computational Mechanics for the Aerohydroelastic Analysis of Offshore Wind Turbines - DATA-DRIVEN OFFSHORE.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Vindkraft til havs er avgjerande for å oppnå måla til The European Green Deal. Sjølv om offshore vindkraft er eit felt som har vakse og modna, krev teknologien eit paradigmeskifte for å sikra den berekraftige utviklinga dei neste åra. En veg for å oppnå dette paradigmeskiftet er fokusert på utviklinga av datadrevet berekningsmekanikk. Forskingsaktivitetane knytt til denne stillinga følgjer utviklinga av matematiske metodar og numeriske prosedyrar for datadrevet berekningsmekanikk som seinare vil bli brukt til aerohydroelastisk analyse av offshore vindturbinar. Denne nye tilnærminga tillèt å inkludere eksperimentelle data i simuleringa til systemet. Dei vanlege likningane må bli justert slik at ein kan erstatte turbinbelastning, grenseføresetnadar og materialmodellar gjennom eksperimentelle data. Forskinga knytt til stillinga har og som mål å ha eit tett samarbeid med forskingsmiljø innan BOW og GFI. Det er forventa at resultatet av denne forskinga vil bli publisert i høgt rangerte tidsskrift.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.–grad eller tilsvarande utdanning innanfor ingeniørfag, anvendt matematikk, fysikk eller geofysikk, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå aeroelastisk modellering av fleksible strukturar i vindenergi er eit krav.
  • Erfaring frå finite element method (FEM) og boundary element method (BEM) er eit krav.
  • Erfaring frå supervised machine learning (SLM) innanfor aeroelastisitet er eit krav.
  • Erfaring frå programmering, for eksempel Fortran og C++, er eit krav.
  • Erfaring med å hente inn eksterne forskingsmiddel er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde.

Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under.
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansierte. Slik finansiering er sikra gjennom ERC for dei første 3 åra, utover denne perioden vil vidareføring av stillinga vere avhengig av tilgjengeleg ekstern finansiering.
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmiddel til fagmiljøet, tilseg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder.
  • Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren ogforskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med.
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
  • Forskaren har normalt ikkje undervisningsplikt, men er forventa å rettleie master- og ph.d.- studentar, i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskings- gruppa.
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa tar slutt. Ny lov om statens tilsette mv. om oppseiing og fortrinnsrett vert då gjeldande.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 624 500,- ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Forskar 1109 i fast stilling kan søke om opprykk til forskar 1183 på grunnlag av kompetanseerklæring. Meir informasjon finst her.

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden, må du levere ei stadfesting på at doktoravhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Cristian G. Gebhardt Geofysisk Institutt og Bergen Offshore Wind Centre, epost: Cristian.Gebhardt@uib.no, tel.: +47 55 58 26 23

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Maria Svåsand, maria.svasand@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS