LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar 1108 i informatikk - berekningsbiologi

Søknadsfrist: 16.06.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar 1108 i informatikk - berekningsbiologi

Det er ledig ei stilling som forskar 1108 i informatikk - berekningsbiologi ved Institutt for informatikk ved Universitetet i Bergen.

Stillinga er for ein periode på 14 månader og er knytt til prosjektet “Nye teknologiar for målretta oppdaging i nevropsykiatriske lidingar” (NeuroConvergence). Vi leitar etter kandidatar som kan starte så tidleg som mogleg.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Arbeidsmiljøet for denne stillinga vil vere ved CBU, i “Causal inference in computational and systems biology group” leia av Prof. Tom Michoel. Arbeidet vil bidra til CBU sine forskingstema “Matematisk modellering” og “Presisjonsmedisin” og vil bli utført i tett samarbeid med forskarar ved Institutt for biomedisin.

I NeuroConvergence-prosjektet vil vi bruke eit utval av maskinlærings- og årsaksinferensmetodar på store genetiske og funksjonelle genomiske datasett og kjemiske bibliotek for å identifisere nye medikamentmålretta protein for nevropsykiatriske lidingar. Forskaren vil også bidra til in silico proteinstruktur screening og optimalisering av kandidatmål ved hjelp av moderne AI-verktøy (RoseTTAfold, Alphafold2).

Meir informasjon om forskingsgruppa kan finnast på nettsida deira.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha ein mastergrad eller tilsvarande utdanning i informatikk/datavitskap, maskinlæring eller matematikk.
  • Fleire års erfaring med å utføre forsking i maskinlæring er eit krav.
  • Erfaring med bruk av maskinlæring på ekte data er eit krav.
  • Erfaring med programmering i minst eitt programmeringsspråk er eit krav (Julia, Python, C, C++)
  • Erfaring med årsaksinferens er ein føremon.
  • Erfaring med analyse av genomikk og transkriptomikkdata er ein føremon.
  • Erfaring med avanserte nevrale nettverksarkitekturar (t.d. AlphaFold) er ein føremon.
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid mellom datavitskaparar og forskarar frå andre domene er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha evne til å samarbeide med andre.
  • Søkjarar må ha utmerka ferdigheiter i munnleg og skriftleg engelsk.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga

Vi kan tilby

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som forskar (kode 1108 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 557 100 - 604 900 (svarar til lønssteg 57-62) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ei stadfesting av korleis søkjaren fyller krava til stillinga 
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål
  • relevante attestar liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS