Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar (1 år) - Institutt for biomedisin

Søknadsfrist: 01.03.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei mellombels stilling som forskar (100 %) for ein periode på eitt (1) år. Stillinga er knytt til eit Toppforskprosjekt; «Molecular control of Arc protein: decoding a master regulator of synaptic plasticity and cognition”, og er eksternt finansiert av Noregs forskingsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet er leia av professor Clive Bramham ved den nevrovitskaplege forskingsgruppa.

Prosjekt-teamet er tverrfagleg samansett med forskingsgrupper innan molekylær og cellulær nevrovitskap, elektrofysiologi, proteinstrukturbiologi, proteinbiofysikk, og biokjemi.

Forskarstillinga har fokus på sporing av Arc proteinet ved synaptisk plastisitet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

-Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad innan cellulær- eller molekylær-nevrovitskap, live-cell imaging eller tilsvarande kompetanse

-Søkjar må ha erfaring med studier av plastisitet i nevronale dendritt-spina ved kjemisk-indusert LTP i primære hippocampale nevronale cellkulturer.

-Søkjar må ha erfaring med kryopreservering av hippocampus cellekulturer.

-Søkjar må ha erfaring med utvikling og bruk av nanobodies som verktøy ved live-cell nevronal imaging.

-Søkjar må ha vitskaplege publikasjonar innan nevronal live-cell imaging.

-Kandidaten må vere dyktig i munnleg og skriftleg engelsk.

-Personlege eigenskapar vil verte vektlagt. Kandidatar med dokumentert evne til å arbeide sjølvstendig, kunne samarbeide, vere motivert og ansvarsmedviten, og i tillegg ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking vil verte føretrekt.

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan nevrovitskap
  • løn etter lønssteg 59 - 62 (kode 1109/lønsramme 24.3 – 24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 523 800 – 552 800 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

-eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne

-ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)

-attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)

-publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse

-doktorgradsavhandlinga (pdf)

-to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar:

-forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under

-lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert

-forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder

-det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med

-instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt

-forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB

-forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa

-forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk

-grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Clive R. Bramham, tlf.: 55 58 60 32, e-post : clive.bramham@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS