LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar - Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Søknadsfrist: 23.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved det samfunnsvitskaplege fakultet, Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, er det ledig ei mellombels stilling som forskar for ein periode på opp til 6 månader (100%). Stillinga er tilknytt forskingsprosjektet TROPICO – Transforming into Open Innovative and Collaborative Governments, som er finansiert frå EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horizon 2020. Ønska tiltreding er i mai 2021.

Om TROPICO prosjektet:TROPICO undersøker korleis offentleg forvaltning endrast til opne, innovative og samarbeidande styresmakter. Gjennom omfattande dokumentstudiar, kvalitative intervju og spørjeundersøkingar, analyserast samarbeid og samordning i og mellom styresmakter og andre aktørar, i arbeidet for å utvikle politikk og skape betre tenester til befolkninga. Sentralt i dette er korleis digitalisering og nye digitale tenester kan bidra til samordning og samarbeid.

TROPICO koordinerast frå Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap ved UiB og har partnarar frå 13 institusjonar i 10 europeiske land. Meir informasjon om prosjektet finn du her: www.tropico-project.eu

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

I stillinga vil du primært støtte prosjektleiar med forskingsoppgåver og administrasjon av TROPICO-prosjektet. Som forskar i TROPICO vil du få delta i eit stort og etablert nettverk av stipendiatar, post-doktorar og erfarne forskarar innan statsvitskap, offentleg forvaltning og styring.

Arbeidsoppgåvene vil bestå av å:

  • Samle forskingsdata for UiB i prosjektet
  • Kvalitetssikre forskingsrapportar og annan rapportering i TROPICO
  • Vere med på å utvikle, planlegge og organisere samlingar for TROPICO
  • Tilretteleggje for kommunikasjon og formidling av TROPICO si forsking gjennom nyheitsbrev,sosiale media og web
  • Støtte prosjektleiar med dagleg administrativt arbeid og kommunikasjon

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Erfaring frå arbeid i Horizon 2020 prosjekt
  • Mastergrad i eit samfunnsvitskapeleg eller anna relevant fag
  • Erfaring med forskingsformidling og kommunikasjon
  • Særs gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • God administrativ IT-kompetanse
  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
  • Særs god i munnleg og skriftleg engelsk og norsk

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 ved tilsetjing (Lpl. 90.400/ st. kode 1108).For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • Ei liste over relevante publikasjonar, forskingsrapportar eller anna relevant formidlingsmateriale du har bidrege til
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida ”søk på jobben”.

Dei beste kandidatane vil verte kall inn til intervju før tilsetjing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål omkring søknadsprosessen kan rettast til administrasjonssjef Charlotte Lillefjære-Tertnes, e-post:, [email protected] phone +47 55582431.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS