Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar i reservoarfysikk

Søknadsfrist: 13.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar i reservoarfysikk

Ved institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei mellombels stilling som forskar innan reservoarfysikk. Stillinga er for ein periode på 2 år og knytt til prosjektet “Optimizing CO2 Foam EOR Mobility Control for Field Pilots” finansiert av Noregs forskingsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Globale energistrategiar lyt leggjast med omsyn til klima og andre utfordringar i samfunnet. Teknologiutvikling for å redusera utslepp og forbetra energieffektivitet er naudsynt og hastar dersom ein skal nå utsleppsmåla. CO2-fangst, -utnytting og -lagring (CCUS) er i dag den einaste moglege teknologien for store utsleppskutt i mange bransjar. Ein viktig del av CCUS er injeksjon av CO2 for utvinning av olje og samtidig CO2-lagring (CO2-EOR). Denne strategien kan minimere karbonavtrykket og lagre CO2 samtidig som det gjev inntekt til industrien; eit avgjerande kriterium for å implementere CCUS i stor skala. Ei utfordring med CO2-injeksjon er låg viskositet og tettleik som i tur kan gjere fortrenginga mindre effektiv. CO2-skum kan motverke slike ugunstige CO2-eigenskapar og auke både oljeproduksjon og lagringspotensial. Målet med dette prosjektet er å optimalisere teknologien for CO2-skum ved å kombinere overflateaktive stoff (tensid) og nanopartiklar for best å stabilisere CO2-skum. Prosjektet omfattar design av laboratorieeksperiment samt numerisk modellering og oppskalering av laboratorieresultata til feltskala. Ein sentral nyvinning i prosjektet er bruken av kombinert positron-emisjonstomografi (PET) og computer-tomografi (CT) for å visualisere og karakterisere CO2-skumsystemer i laboratoriet. Dette skal brukast for kvalitativ og kvantitativ analyse av CO2-mobilitet, fortrenging, samt adsorpsjon og konsentrasjon av tensid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning i eksperimentell reservoarfysikk eller liknande felt, innan søknadsfristen er ute.
  • Dokumentert erfaring frå eksperimentelt og numerisk modelleringsarbeid av høg kvalitet på fleirfasestrøyming i porøse system er eit krav. Dokumentasjon bør referere til artiklar som viser søkjaren som forfattar i høgt rangerte internasjonale vitskaplege tidsskrifter innan emne som CO2-EOR, CO2 skum og/eller CO2 lagring.
  • Solid erfaring innan geologisk reservoarkarakterisering og numeriske simulering av relevante laboratorie- og feltforsøk er eit krav.
  • Dokumentert erfaring frå høgtrykk CO2-injeksjon for lagring og oljeutvinning i porøse system er avgjerande for stillinga.
  • Erfaring med injeksjon av CO2-skum for mobilitetskontroll er ein føremon.
  • Erfaring med å utforme laboratorieeksperimenter innan CO2-EOR og CO2 lagring samt ha gode kunnskapar om oppskalering og resultat på feltskala er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 523 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS