Ledig stilling ved NGU

Forsker i havbunnsakustikk (01-20)

Søknadsfrist: 03.03.2020

3-års engasjement i havbunnsakustikk

Ved NGU er det ledig eit 3-års engasjement som forskar i havbotnakustikk. Stillinga er knytt til Laget for maringeologi, som består av 20 forskarar og 7 ingeniørar.

Norges geologiske undersøkelse

Norges geologiske undersøkelse (NGU) er landets sentrale institusjon for kunnskap om berggrunn, mineralressurser, løsmasser og grunnvann. NGUs oppgaver omfatter geologisk, geofysisk og geokjemisk kartlegging, utvikling og drift av databaser, forskning, informasjon og rådgivning, til det offentlige og til industrien. Vår virksomhetsidé er Geologi for samfunnet. NGU har ca 200 ansatte fra 27 nasjoner, hvorav ca. 60 prosent er forskere.


Nærmere informasjon om NGUs organisasjon og arbeidsoppgaver finnes på www.ngu.no

Maringeologilaget arbeider med et vidt spekter av geologiske problemstillingar langs kysten vår, i fjordane, og på kontinentalsokkelen og kontinentalskråninga. Vi har tett samarbeid med forskingsinstitusjonar, forvaltingsorgan og næringsliv, mellom anna oljeindustri, oppdrettsnæring, fiskeri og gruveindustri. Vi arbeider også i EU-prosjekt. NGU har eit sterkt fokus på digitale arbeidsmetodar, databasar, og presentasjon av data og tolkingar på Internett. NGU sine data er fritt tilgjengelege i form av kart og databasar på www.ngu.no.

Arbeidsoppgåver

Den som blir tilsett vil arbeide tett saman med andre geologar og forskarar, både på og utanfor NGU. Hovudoppgåva vil vere forsking og utvikling innan bruk av botnreflektivitetsdata frå multistråleekkolodd til tolking og romleg modellering av tilstand og prosessar på havbotnen. Analyse og klassifisering av multispektrale data og bruk av «angular response analysis» er sentrale tema, og den som blir tilsett må ha ei grundig forståing av akustisk teori knytte til multistrålesystem, erfaring med analyser av datagram, og signalnivå-analyser.

Kvalifikasjoner

Vi søker etter ein forskar med PhD/doktorgrad (eller tilsvarende erfaring) i havbunnsakustikk/geofysikk.

Den som blir tilsett bør ha:

  • god erfaring med innsamling, prosessering og tolking av akustiske data (batymetri og botnreflektivitet).
  • spesialkompetanse innan havbunnsakustikk med fokus på sedimentklassifikasjon basert på botnreflektivitet frå multistråleekkolodd.
  • dokumentert erfaring med dataanalyse, statistisk analyse og scripting (R, Python osv.).
  • evne å bygge nettverk med relevante aktørar innan industri og akademia.
  • kjennskap til geologiske forhold og prosessar, særleg i maringeologi. gode kommunikasjonsevner og evne til å formidle tekniske problemstillingar på ein forståeleg måte.

Den som blir tilsett må beherske (eller være villig til å lære) norsk språk i skriftleg og munnleg form. NGU vil kunne dekke tid og kostnader for språundervising når det er aktuelt. I samarbeid med internasjonale fagmiljø ønsker NGU å bygge opp kompetanse på bruk av multispektrale botnreflektivitetsdata frå multistråleekkolodd og «syntetisk aperture sonar». Maskinlæring kan inngå som ein viktig komponent for å effektivisere tolking av slike data. Erfaring med desse fagområda vil vere ein fordel. Det er ønskeleg at den som blir tilsett kan klarerast for arbeid med konfidensielle data.

Personlige eigenskaper

Du må ha evne til både å arbeide sjølvstendig og innanfor tverrfaglege grupper. Den som blir tilsett må bidra med formidling av geologi til brukarar av NGUs kartdata, til nasjonale og internasjonale forskningsmiljø, og til samfunnet generelt.

Vi tilbyr

Vi kan tilby eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med spanande faglege utfordringar og god moglegheit for fagleg utvikling og internasjonalt samarbeid. Vi oppmodar alle til å søke, uavhengig av til dømes alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en.Stillinga blir løna i samsvar med utdanning og erfaring etter Statens hovudtariffavtale som forskar med mastergrad (stillingskode 1108) frå kr 456.000 brutto per år, med PhD-grad (stillingskode 1109) frå kr 522.800 brutto per år. Av beløpet blir 2% trekt til Statens pensjonskasse.

Meir informasjon og korleis du kan søke

Meir informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte:

Send søknad med CV, vitnemål, publikasjonsliste, forskingsinteresse og namn og e-postadresse på to referansepersonar innan 3.mars 2020.

Søkarlista er offentleg. I følge Offentleglova §25, andre ledd, kan informasjon om søkar bli offentleggjort sjølv om søkar har bedd om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil då bli varsla på førehand. Søkarar som opplyser om at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, vert gjort merksam på at denne informasjonen kan verte brukt til statistikkformål i samband med regjeringa sin inkluderingsdugnad, dersom vedkommande blir tilsett.

Webcruiter-ID: 4193602926

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon: