Ledig stilling ved NGU

Forskar innen geofarer / kvartærgeologi (15-19)

Søknadsfrist: 25.11.2019

NGU inviterer søkarar til ei fast stilling som geolog/forskar med oppstart så snart som mogleg. Stillinga er knytt til Laget for geofarer og jordobservasjon som har 16 forskarar som arbeider med kartlegging av skredfare i Noreg, og deltar i forskings- og utviklingsprosjekt nasjonalt og internasjonalt.

Laget samarbeider med dei andre laga ved NGU, med Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), andre statlege etatar, forskingsmiljø og konsulentbransjen.

Arbeidsoppgåver

Forskaren vil i hovudsak arbeide med kvartærgeologisk kartlegging og FoU knytt til skredprosesser i bratt terreng, særskilt jord- og flomskred. Dette vil kunne omfatte inntil 6-8 vekers feltarbeid pr år i ulike delar av landet, og samanstilling av data i form av databasar og kart. Vi vil også vente at den som blir tilsett presenterer resultat på faglege møte, publiserer prosjektresultat i rapportar og fagtidsskrift, og populariserer resultat frå arbeidet.

Noregs geologiske undersøking

Noregs geologiske undersøking (NGU) er landets sentrale institusjon for kunnskap om berggrunn, mineralressursar, lausmassar og grunnvatn. Vi arbeider med geologisk, geofysisk og geokjemisk kartlegging, utvikling og drift av databasar, forsking, informasjon og rådgjeving til det offentlege og til industrien. Vår verksemdsidé er Geologi for samfunnet. NGU har ca 200 tilsette frå 27 nasjonar, av dei er om lag 60 % forskarar. NGU har også eit eige offentleg fagbibliotek.


Nærare informasjon om NGUs organisasjon og arbeidsoppgåver finn du på www.ngu.no

Kvalifikasjonskrav

Den som blir tilsett må ha dokumentert erfaring med feltbasert kvartærgeologi med vekt på kartlegging av skredavsetjingar. Søkarar må ha fullført master- eller doktorgrad ved oppstart i stillinga og helst ha relevant arbeidserfaring.

For denne stillinga bør ein ha:

  • God kunnskap om jord- og flomskred; erfaring med modellering er ein fordel
  • Gode GIS-kunnskapar
  • Erfaring innan eit eller fleire av følgjande kompetanseområde: Hydrogeologi, glasialgeologiske avsetjingsprosessar, og kvartær stratigrafi og landskapsutvikling
  • Evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk
  • Gode kunnskapar i engelsk er ein fordel
  • Førarkort for bil

Personlige eigenskapar

Vi understrekar evne til både å arbeide sjølvstendig og innanfor eit tverrfagleg team. Den som blir tilsett må ha vilje til å ta i bruk nye metodar, og kunne bidra med formidling av geologi til brukarar av NGU sine data, til nasjonale og internasjonale forskingsmiljø, og til samfunnet generelt.

Vi tilbyr

Vi kan tilby et godt og inkluderande arbeidsmiljø med spanande faglege utfordringar og gode vilkår for fagleg utvikling og internasjonalt samarbeid. Vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søke, uavhengig av for eksempel alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV.

Stillingane blir løna i samsvar med utdanning og erfaring etter Statens hovudtariffavtale som: Forskar med mastergrad (stillingskode 1108) frå kr 456.000 brutto per år, med PhD-grad (stillingskode 1109) frå kr. 522.800 brutto per år. Av beløpet blir 2 % trekt til Statens pensjonskasse.

Meir informasjon og korleis kan du søke

Informasjon om stillinga kan ein få ved å ta kontakt:

Send søknad med CV, vitnemål, publikasjonsliste, forskingsinteresse og navn og e-postadresse på tre referansepersonar ved å trykke «Søk på stillingen»innan 25. november 2019.

Søkerlista er offentleg. I følge Offentleglova §25, andre ledd, kan opplysningar om søkar bli offentleggjort sjølv om søkar har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Kandidaten vil då bli varsla på førehand. Søkarar som opplyser om at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, vert gjort merksam på at denne informasjonen kan verte brukt til statistikkformål i samband med regjeringa sin inkluderingsdugnad, dersom vedkommande blir tilsett.

Webcruiter-ID: 4154807590

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon: