Ledig stilling ved NGU

Forskar i maringeologi - maringeologisk kartlegging

Søknadsfrist: 20.10.2019

Ved NGU er det ledig ei fast stilling som forskar i maringeologi. Stillinga er knytt til Laget for maringeologi, som består av 20 forskarar og 7 ingeniørar.

Maringeologilaget arbeider med et vidt spekter av geologiske problemstillingar langs kysten vår, i fjordane, og på kontinentalsokkelen og -skråninga. Vi har tett samarbeid med forskingsinstitusjonar, forvaltingsorgan og næringsliv, mellom anna oljeindustri, oppdrettsnæring, fiskeri og gruveindustri. Vi arbeider også i EU-prosjekt. NGU har eit sterkt fokus på digitale arbeidsmetodar, databasar, og presentasjon av data og tolkingar på Internett. NGU sine data er fritt tilgjengelege i form av kart og databasar på www.ngu.no.

Noregs geologiske undersøking

Noregs geologiske undersøking (NGU) er landets sentrale institusjon for kunnskap om berggrunn, mineralressursar, lausmassar og grunnvatn. Vi arbeider med geologisk, geofysisk og geokjemisk kartlegging, utvikling og drift av databasar, forsking, informasjon og rådgjeving til det offentlege og til industrien. Vår verksemdsidé er Geologi for samfunnet. NGU har ca 200 tilsette frå 27 nasjonar, av dei er om lag 60 % forskarar. NGU har også eit eige offentleg fagbibliotek.


Nærare informasjon om NGUs organisasjon og arbeidsoppgåver finn du på www.ngu.no

ArbeidsoppgåverDen viktigaste arbeidsoppgåva er tolking og samanstilling av maringeologiske kart og naturtypekart, både i kystsona og i MAREANO-programmet (www.mareano.no). Andre arbeidsoppgåver er mellom anna toktdeltaking for innsamling og systematisering av maringeologiske data. Vi ventar også at den som blir tilsett presenterer resultat på faglege møte, publiserer prosjektresultat i rapportar og fagtidsskrift, og populariser forskingsresultat. Den som blir tilsett vil arbeide tett saman med andre geologar og forskarar, både på og utanfor NGU.Kvalifikasjonskrav

Vi søker etter ein forskar med mastergrad eller PhD/doktorgrad i maringeologi. Den som blir tilsett må ha:

  • Erfaring med maringeologisk kartlegging
  • Gode kunnskapar i GIS/ArcGis
  • Tokterfaring
  • Erfaring med prosessering og tolking av multistråledata og seismikk
  • Gode kunnskapar i både norsk og engelsk

Den som blir tilsett må kunne klarerast for å arbeide med konfidensielle data.

Personlege eigenskapar

Vi understrekar at du må ha evne til både å arbeide sjølvstendig og innanfor eit tverrfagleg team. Den som blir tilsett må bidra med formidling av geologi til brukarar av NGU sine kartdata, til nasjonale og internasjonale forskingsmiljø, og til samfunnet generelt.

Vi tilbyr

Vi kan tilby eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med spanande faglege utfordringar og god moglegheit for fagleg utvikling og internasjonalt samarbeid. Vi oppmodar alle kvalifiserte til å søke, uavhengig av til dømes alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en.

Stillinga blir løna i samsvar med utdanning og erfaring etter Statens hovudtariffavtale som forskar med mastergrad (stillingskode 1108) frå kr 456.000 brutto per år, med PhD-grad (stillingskode 1109) frå kr. 522.800 brutto per år. Av beløpet blir 2% trekt til Statens pensjonskasse.

Meir informasjon og korleis du kan søke

Meir informasjon om stillingane kan du få ved å ta kontakt med:

Send søknad med CV, vitnemål, publikasjonsliste, forskingsinteresse og namn og e-postadresse på tre referansepersonar ved å trykke «Søk på stillingen» oppe til høgre innan 20. oktober 2019.

Søkarlista er offentleg. I følge Offentleglova §25, andre ledd, kan informasjon om søkar verte offentleggjort sjølv om søkar har bedd om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil då bli varsla på førehand. Søkarar som opplyser om at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, vert gjort merksam på at denne informasjonen kan verte brukt til statistikkformål i samband med regjeringa sin inkluderingsdugnad, dersom vedkommande blir tilsett.

Webcruiter-ID: 4138162867

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon: