Ledig stilling ved NGU

Forskar i geofarer og jordobservasjon (13-19)

øknadsfrist: 15.11.2019

Ved NGU er det ledig ei fast stilling som forskar innan geofarer og jordobservasjon. Stillinga er knytt til Laget for geofarer og jordobservasjon som består av 13 forskarar fra Noreg og sju andre land.

Laget arbeider med kartlegging av skredfare i Noreg og deltar i forsking- og utviklingsprosjekt nasjonalt og internasjonalt. Laget samarbeider med dei fleste av laga ved NGU, med Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Norsk Romsenter.

Noregs geologiske undersøking

Noregs geologiske undersøking (NGU) er landets sentrale institusjon for kunnskap om berggrunn, mineralressursar, lausmassar og grunnvatn. Vi arbeider med geologisk, geofysisk og geokjemisk kartlegging, utvikling og drift av databasar, forsking, informasjon og rådgjeving til det offentlege og til industrien. Vår verksemdsidé er Geologi for samfunnet. NGU har ca 200 tilsette frå 27 nasjonar, av dei er om lag 60 % forskarar. NGU har også eit eige offentleg fagbibliotek.


Nærare informasjon om NGUs organisasjon og arbeidsoppgåver finn du på www.ngu.no

Arbeidsoppgåver

Den viktigaste arbeidsoppgåva er å bidra til å drifte NGU sitt nasjonale kartsystem for InSAR-deformasjon basert på Sentinel-1 data (www.insar.no). Forskaren vil ha fokus på bruk av InSAR-data til fjellskredkartlegging, og kontakt med brukarar av data og kart. Ein må rekne med ein del feltarbeid som kan omfatte kartlegging av fjellskred, montering av hjørnereflektorar og GNSS-instrumentering. Vi ventar også at den som blir tilsett presenterer resultat på faglege møte, publiserer prosjektresultat i rapportar og fagtidsskrift, og populariser resultat frå arbeidet.

Kvalifikasjonskrav

Den som blir tilsett bør ha bakgrunn i geofag, fysikk eller geodesi, med solid kunnskap om InSAR-teknologi. Søkarar må ha fullført mastergrad ved oppstart i stillinga og helst ha relevant arbeidserfaring. For denne stillinga bør ein ha:

  • Erfaring med prosessering av InSAR-data
  • Erfaring med fjellskredkartlegging og differensiell GPS (GNSS) er ein fordel
  • Gode GIS-kunnskapar
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
  • Førarkort for bil

Personlege eigenskapar

Vi understrekar evne til både å arbeide sjølvstendig og innanfor eit tverrfagleg team. Den som blir tilsett må ha vilje til å lære seg opp i nye metodar, og kunne bidra med formidling av geologi til brukarar av NGU sine data, til nasjonale og internasjonale forskingsmiljø, og til samfunnet generelt.

Vi tilbyr

Vi kan tilby et godt og inkluderande arbeidsmiljø med spanande faglege utfordringar og gode vilkår for fagleg utvikling og internasjonalt samarbeid. Vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søke, uavhengig av for eksempel alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV.

Stillingane blir løna i samsvar med utdanning og erfaring etter Statens hovudtariffavtale som:Forskar med mastergrad (stillingskode 1108) frå kr 456.000 brutto per år, med PhD-grad (stillingskode 1109) frå kr. 522.800 brutto per år. Av beløpet blir 2% trekt til Statens pensjonskasse.

Meir informasjon og korleis kan du søke

Informasjon om stillinga kan ein få ved å ta kontakt:

Send søknad med CV, vitnemål, publikasjonsliste, forskingsinteresse og navn og e-postadresse på tre referansepersonar ved å trykke «Søk på stillingen» innan 15. november 2019.

Søkerlista er offentleg. I følge Offentleglova §25, andre ledd, kan opplysningar om søkar bli offentleggjort sjølv om søkar har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Kandidaten vil då bli varsla på førehand.

Søkarar som opplyser om at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, vert gjort merksam på at denne informasjonen kan verte brukt til statistikkformål i samband med regjeringa sin inkluderingsdugnad, dersom vedkommande blir tilsett.

Webcruiter-ID: 4151595983

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon: