Ledig stilling ved NGU

Forskar i geofarer / fjellskredskartlegging (16-19)

Søknadsfrist: 25.11.2019

NGU inviterer søkarar til ei 3-årig prosjektstilling som geolog/forskar med oppstart så snart som mogleg. Stillinga er knytt til Laget for geofarer og jordobservasjon som har 16 forskarar som arbeider med kartlegging av skredfare i Noreg og deltar i forskings- og utviklingsprosjekt nasjonalt og internasjonalt. Laget samarbeider med dei andre laga ved NGU, med Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), andre statlege etatar, forskingsmiljø og konsulentbransjen.

Noregs geologiske undersøking

Noregs geologiske undersøking (NGU) er landets sentrale institusjon for kunnskap om berggrunn, mineralressursar, lausmassar og grunnvatn. Vi arbeider med geologisk, geofysisk og geokjemisk kartlegging, utvikling og drift av databasar, forsking, informasjon og rådgjeving til det offentlege og til industrien. Vår verksemdsidé er Geologi for samfunnet. NGU har ca 200 tilsette frå 27 nasjonar, av dei er om lag 60 % forskarar. NGU har også eit eige offentleg fagbibliotek.


Nærare informasjon om NGUs organisasjon og arbeidsoppgåver finn du på www.ngu.no

Arbeidsoppgåver

Forskaren vil i hovudsak arbeide med kartlegging av ustabile fjell (steinsprang, steinskred og fjellskred). Dette vil kunne omfatte inntil 6-8 vekers feltarbeid pr år i ulike delar av landet, og samanstilling av data i form av databasar og kart. Vi vil også vente at den som blir tilsett presenterer resultat på faglege møte, publiserer prosjektresultat i rapportar og fagtidsskrift, og populariser resultat frå arbeidet.

Kvalifikasjonskrav

Den som blir tilsett må ha erfaring med feltbasert kartlegging av fjellskred og skredavsetjingar. Søkarar må ha fullført mastergrad ved oppstart i stillinga og helst ha relevant arbeidserfaring.

For denne stillinga bør ein ha:

  • God kunnskap om fjellskred og skredavsetjingar
  • Gode GIS-kunnskapar
  • Erfaring innan eit eller fleire av følgjande kompetanseområde: Modellering av skråningsstabilitet, modellering av rekkevidde for ulike skredtypar, fjernanalyse ved bruk av bakke- eller satellittbaserte teknikkar (f. eks. dGNSS, LIDAR, RADAR), fare- og risikokartlegging, og kvartærgeologi
  • Evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk
  • Gode kunnskapar i engelsk
  • Førarkort for bil

Personlige eigenskapar

Vi understrekar evne til både å arbeide sjølvstendig og innanfor eit tverrfagleg team. Den som blir tilsett må ha vilje til å ta i bruk i nye metodar, og kunne bidra med formidling av geologi til brukarar av NGU sine data, til nasjonale og internasjonale forskingsmiljø, og til samfunnet generelt.

Vi tilbyrVi kan tilby et godt og inkluderande arbeidsmiljø med spanande faglege utfordringar og gode vilkår for fagleg utvikling og internasjonalt samarbeid. Vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søke, uavhengig av for eksempel alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV.

Stillingane blir løna i samsvar med utdanning og erfaring etter Statens hovudtariffavtale som:Forskar med mastergrad (stillingskode 1108) frå kr 456.000 brutto per år, med PhD-grad (stillingskode 1109) frå kr. 522.800 brutto per år. Av beløpet blir 2% trekt til Statens pensjonskasse.

Meir informasjon og korleis kan du søke

Informasjon om stillinga kan ein få ved å ta kontakt:

  • Lagleiar Reginald Hermanns + 47 73904181, Reginald.Hermanns@ngu.no, eller
  • Avdelingsdirektør Øystein Nordgulen, + 47 73904245, Oystein.nordgulen@ngu.no

Send søknad med CV, vitnemål, publikasjonsliste, forskingsinteresse og navn og e-postadresse på tre referansepersonar ved å trykke «Søk på stillingen» innan 25. november 2019.

Søkerlista er offentleg. I følge Offentleglova §25, andre ledd, kan opplysningar om søkar bli offentleggjort sjølv om søkar har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista.

Kandidaten vil då bli varsla på førehand.Søkarar som opplyser om at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, vert gjort merksam på at denne informasjonen kan verte brukt til statistikkformål i samband med regjeringa sin inkluderingsdugnad, dersom vedkommande blir tilsett.

Webcruiter-ID: 4154844290

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon:

  • Øystein Nordgulen (Avdelingsdirektør), 73904245, oystein.nordgulen@ngu.no
  • Reginald Hermanns (Lagleder geofarer og jordobservasjon), 73904181, reginald.hermanns@ngu.no
Powered by Labrador CMS