Stilling:

Forskar i klimadynamikk

Søknadsfrist 23. september 2018

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei fast stilling som forskar i klimadynamikk. Stillinga er finansiert av eksterne midlar. Dei første 30 månadene er stillinga finansiert av Bergens forskningsstiftelse.

Om prosjektet / arbeidsoppgåver

Stillinga er knytta til Bjerknes Climate Prediction Unit (BCPU) som har som mål å predikere klimaet i Atlanterhavet og Arktis frå sesong til fleire år framover. Det vil være synergier med EU H2020-prosjektet Blue Action: Arctic Impact on Weather and Climate(http://blue-action.eu) og NordForsk prosjektet Nordic Excellence Center ARCPATH(http://www.ncoe-arcpath.org). Desse prosjekta er begge tverrfaglege og dei tar sikte på å gje innsikt i framtidige, klimatiske og samfunnsmessige endringar i Arktis.

Den som får stillinga vil ha som hovudoppgåve å betre forståinga av mekanismer for klimavariabilitet som gir prediktabilitet i den Atlantiske-Arktiske regionen og tilhørende kontinent, samt betre klimamodellar med hensyn på disse mekanismene. Det vil vere fokus på følgende: (1) mekanismene som styrer samspillet mellom stratosfære/troposfære i et kopla system, Atlanterhavet og havisen i Arktis, (2) fjernkoblingene via stratosfæren/troposfæren mellom den Atlantiske-Arktiske regionen og det tropiske Atlanterhavet, samt det tropiske Indiske hav, og vestlige og sentrale Stillehav, (3) rolla til naturlege og menneskeskapte drivkrefter i å kontrollere variabilitet i kopla stratosfære/troposfære/hav-system i den Atlantiske-Arktiske regionen på ulik tidsskala. Den som får stillinga vil nytte modeller, observasjonar og reanalyse for å identifisere mekanismane for klimavariabilitet og prediktabilitet i den Atlantiske-Arktiske regionen. Det vil vere tett samarbeid med utviklarane av NorESM/NorCPM (Norwegian Earth System and Climate Prediction Models) og andre grupper som arbeider med dataassimilering og biogeokjemi.. Den som får stillinga er venta å ta ei leiande rolle i BCPU og vere ein aktiv bidragsytar innan forskingsfeltet. Dette inkluderer og rettleiing av andre forskarar og søknad om forskingsmidlar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.–grad eller tilsvarande utdanning innanfor matematikk, fysikk, meteorologi, oseanografi, klimadynamikk eller annan relevant disiplin
  • Solid bakgrunn i atmosfæredynamikk og kopling mot stratosfære/troposfære, dynamisk analyse og sensitivitetseksperiment
  • Erfaring frå numerisk modellering og tungrekning er eit krav. Lang erfaring med atmosfære/hav-kopling på tidsskala frå sesong til fleire tiår,
  • Svært gode ferdigheiter innan programmeringsspråket Fortran og andre program som idl, ncl, Matlab and cdo er eit krav.
  • Erfaring i å knytte saman ulike klimadata for å få ei breidare forståing av klimadynamikk og moglegheit for mekanistisk validering av klimaprediksjon er ein føremon.
  • Erfaring frå rettleiing av studentar, postdoktorar og andre forskarar, samt erfaring frå å søke ekstern finansiering er ein føremon.
  • Det er nødvendig med gode ferdigheiter i både skriftlig og munnleg engelsk for publisering av resultater og kommunikasjon med kollegaer.
  • Spesielle krav til stillingen er vilje og evne til å arbeide på tvers av fagområder i ei tverrfagleg forskningsgruppe, samt å arbeide selvstendig med egne oppgaver.

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilheitleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Følgjande premiss er lagt til grunn for stillinga

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet hører innunder.
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert.
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder.
  • Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren, og forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med.
  • Instituttleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
  • Forskaren har normalt ikkje undervisningsplikt, men er forventa å rettleie master- og ph.d.- studentar, i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa.
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk.

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter kroner 515 200,- brutto per år (kode 1109) etter hovudtariffavtalane i staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Helge Drange eller Professor Noel Keenlyside, Geofysisk institutt.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS