Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskarstilling ved Det juridiske fakultet

Søknadsfrist: 20.08.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskarstilling ved Det juridiske fakultet

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her.

Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei mellombels stilling som forskar knytt til prosjektet «Norsk politirettshistorie» for ein periode på 2 år. Ønskjeleg oppstarttidspunkt er hausten 2019. Prosjektet er finansiert som ein FoU-avtale mellom Politidirektoratet og Universitetet i Bergen, og er fagleg lagt til Det juridiske fakultet ved UiB. Forskaren skal ha arbeidsstad ved fakultetet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Forskingsprosjektet «Norsk politirettshistorie» dreg opp dei lange linjene i historia til norsk politi frå mellomalderen til i dag, men med hovudvekt på tida frå 1686. Prosjektet er delt i fire delar som kvar omhandlar avgrensa historiske epokar.

Den utlyste stillinga gjeld norsk politi si rettshistorie frå 1945 og fram til etatsreforma i 1994 (og politilova 1995). I denne perioden skjer det viktige endringar og rettsleg utvikling, mellom anna gjennom utgreiingar om ei ny sentral politileiing (direktorat eller departement-modell). Synet på politiet si rolle i samfunnet er òg under utvikling i perioden (Politirolleutvalget 1976–1987). Det skjer òg viktige endringar, særleg knytt til lensmannsetatens organisasjon og lensmennene si rettslege stilling (lensmannslova 1961, statstenestemannslova, landsdelspolitiordninga m.m.) fram mot 1994, då politimeistrane overtek det administrative ansvaret for lensmannsdistrikta og politi- og lensmannsetaten blir samla, både organisatorisk og i den materielle politilovgivinga.­­

Ein del av endringsbiletet som skal studerast er etatsutviklinga og reformarbeidet i denne perioden, utvikling av ny kommunikasjonsteknologi, internasjonalisering, og ei utviding av forvaltnings­oppgåvene.

Prosjektet vil samla skaffe fram ny kunnskap om politiet som ein sentral del av forvaltninga, som er av vitskapleg interesse nasjonalt og internasjonalt, samt vil gje politietaten eit utgangspunkt for å etablere identiteten sin i ei endringstid. Den som blir tilsett vil arbeide nært saman med forskarane som studerer dei tidligare og seinare fasane i norsk politirettshistorie. Fem tema vil vere gjennomgåande for alle delane av politirettshistoria; rettferdiggjering av maktbruken, kvar og korleis politiet har vore til stades i samfunnet, korleis ein har regulert politiet si verksemd og kva innhaldet i reguleringa har vore, korleis ein har utvikla kompetanse til å bruke makt og det å vere lokalt til stades og i internasjonalt samarbeid.

Ein sakkyndig komité skal vurdere søkjarane sine kvalifikasjonar. Til søknaden skal det leggjast ved ei kort skisse på inntil fem sider som viser korleis søkjaren tenkjer seg å leggje opp prosjektet. I denne skal det òg stå noko om korleis søkjaren kan tenkje seg å delta i formidlinga av forskingsresultata. Prosjektskissa skal inngå som del av (vedlegg til) arbeidskontrakten for den midlertidige tilsetjinga.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor rettsvitskap, eller kunne dokumentere å ha levert doktoravhandlinga i rettsvitskap innan søknadsfristen er ute.
  • Søkjar må ha bakgrunn og potensiale for forsking som rettar seg mot politiet og politiet si rolle i det norske samfunnet i nyare tid.
  • Søkjar må vise engasjement i forsking og kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 66 (kode 1108/lønsramme 25) i lønsregulativet til staten og ei brutto årsløn på kroner 586 500 ved levert avhandling, eller lønssteg 72 (kode 1109/lønsramme 24) og ei brutto årsløn på kroner 658 300 ved oppnådd ph.d.-grad. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Ei skisse på inntil fem sider som viser korleis søkjaren vil leggje opp prosjektet
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga CV
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på originalspråket og autoriserte omsetjingar)
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til i vurderinga

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge via lenkje på denne sida «Søk stillingen».

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prodekan for forsking Anne Marie Frøseth, e-post: Anne.Froseth@uib.no, tlf. 55 58 95 49, eller til
  • Prosjektleiar, professor Anne Lise Fimreite, e-post: Anne.Fimreite@uib.no, tlf. 900 83 619

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til rådgjevar Anita H. Garden, e-post: anita.garden@uib.no eller tlf. 55 58 96 76.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Det kan bli aktuelt å gjennomføre intervju ved tilsetjing i stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS