Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskarstilling innan romver

Søknadsfrist: 22.10.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskarstilling innan romver

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei mellombels stilling som forskar innan romfysikk. Stillinga er for ein periode på to år ved Space Plasma Fysikkgruppa (SPPG) og knytt til eksternfinansiering.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Kandidaten vil vere ein del av teori- og modelleringsaktivitet ved SPPG. Eit viktig forskingsfokus for senteret er å forstå kva som kontrollerer storskaladynamikk i jordas magnetosfære. Dette inkluderer påverknad frå eksterne prosessar, som til dømes retninga til solas magnetiske felt, og interne prosessar som konveksjon i den indre magnetosfæren, årstidsvariasjonar og ionosfærisk leiingsevne. Ein sentral prosess for både ekstern påverknad og intern dynamikk er også magnetisk reconnection. I tillegg til analyse av satellitt- og bakkedata er også analyse av datasimuleringar av det nære verdsrommet viktig for å forstå desse komplekse vekselverknadane. Berekningsverktøyet er hovudssakleg magnetohydrodynamikk (MHD), men meir avanserte modellar blir brukte der det er naudsynt.

Prosjektet vil fokusere på dei effektane som storskala magnetosfæredynamikk har på den polare ionosfæren. Den som blir tilsett vil forske på korleis magnetosfæriske staumsystem oppstår, korleis dei koplar til ionosfæren, og korleis magnetosfæriske prosessar viser seg i ionosfærisk konveksjon. Desse prosessane vil bli studert i samband med auka aktivitet i nattside ionosfæren under magnetosfæriske substormar.

Space Plasma Fysikkgruppa leder i den internasjonale fronten innan teori- og modelleringsbasert forsking på magnetosfæredynamikk på store og små skalaer. Forskingsmetodane våre strekkjer seg frå analytisk teori til magnetohydrodynamisk modellering på større skalaer og samanlikning med satellittobservasjonar. Eit spesielt forskingsfokus er å forstå korleis straumsystem i magnetosfæren oppstår og mekanismane som skaper asymmetriar i nordlys og sørlys. Eit viktig mål med modelleringsaktiviteten vår er å auke den fysiske forståinga av romveret, i tillegg til å utvikle nye romverprodukt som er relevant for både ESA og norske interesser.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk PhD-grad eller tilsvarande utdanning innan romfysikk, eller søkjaren må ha levert doktoravhandlinga si til vurdering før søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjaren må kunne dokumentere omfattande forståing av dynamikk i den polare ionosfæren, og ha forskingserfaring innan radarmålingar og bakkebaserte data. Erfaring med modellering av termiske emisjonar er i denne samanhengen spesielt nyttig.
  • Erfaring med programmering, spesielt MATLAB og PYTHON, er heilt naudsynt.
  • Søkjarar må vise interesse for å lære eller erfaring med å bruke komplekse numeriske modellar til å utvikle nye produkt frå dei som er relevant for romver.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha publikasjonar innan romfysikk som er publisert i internasjonale fagfellevurderte journalar.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisningserfaring på Engelsk er kan dokumentere slik kunnskap.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Vi kan tilby:

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i det statlege lønsregulativet ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 523 200,- brutto. For særleg høgt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prof. Michael Hesse, phone: +47- 55 58 46 58, email: michael.hesse@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglande for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS