Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar ved Sosiologisk institutt

Søknadsfrist: 30.09.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar ved Sosiologisk institutt

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Sosiologisk institutt, Universitetet i Bergen, er det ledig ei 100 % stilling som forskar kode 1109 (forskar med doktorgrad) i perioden frå 1.januar 2020 til 31. desember 2020. Stillinga er knytt til prosjektet Imagining and Experiencing the refugee crisis og er finansiert av Noregs Forskingsråd sitt FRIPRO-program frå 2017 til 2021.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett i stillinga må gjennomføre dataanalyse av eit kvalitativt empirisk materiale frå majoritetsbefolkningas haldningar til innvandring og integrering. Det er naudsynt med erfaring frå kvalitativ analyse og eit føremon med erfaring frå analyse av kvantitativt materiale.

Hovudprosjektet sitt formål er å utvikle kunnskap om korleis flyktningkrisa i 2015 har påverka haldningar, førestillingar og erfaringar blant nykomne syrarar og fastbuande i norske lokalmiljø. Vi nyttar både kvalitative intervju og paneldata.

Den som vert tilsett får eit særleg ansvar for å publisere internasjonalt i samarbeid med prosjektgruppa. Kandidaten skal analysere kvalitative intervju med fastbuande i norske lokalmiljø i tida etter flyktningkrisa (2016 og 2018), men vil få moglegheit til å nytte kvantitative datakjelder som er tilgjengeleg i prosjektet.

Søkjarar må med utgangspunkt i prosjektskildringa sannsynleggjere at ho/han er eigna til å gjennomføre eit analytisk arbeid med empirisk materiale, har evne til å publisere på eit høgt nivå og har interesse i å orientere seg mot forsking på migrasjon, mangfald og haldningar. Søkjarar må og gje ein presentasjon av deira faglege og personlege motivasjon for å delta i prosjektet. For meir informasjon om prosjektet, samt prosjektskildring, kontakt prosjektleiar: susanne.bygnes@uib.no.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Doktorgrad i sosiologi, samfunnsgeografi, statsvitskap, medievitskap, psykologi eller liknande. Avhandlinga må vera levert innan søknadsfristen. Doktorgradsarbeid bør vere frå eit felt som har relevans tematisk og metodisk for å kunne bidra til IMEX-prosjektet. Det er svært viktig at du kan arbeide sjølvstendig, har svært gode analytiske evner, erfaring med sjølvstendig internasjonal publisering og gjennomføringsevne. Du vil inngå i eit forskingsfellesskap. Det vil difor bli lagt stor vekt på dokumentert evne til erfaring med publisering på internasjonalt nivå, til samarbeid og kommunikasjon. Arbeidsstad er Sosiologisk institutt i Bergen. Det er naudsynt å være tilgjengeleg for møter og samarbeid i Bergen, men det stilles ikkje krav om flytting til Bergen.

Datainnsamlinga er gjort på norsk og engelsk og det er difor naudsynt med gode leseferdigheiter i begge språk. Kjennskap til arabisk er eit føremon. Skriftleg kommunikasjon vil forgår på engelsk og det er naudsynt med svært gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Vi tilbyr:

  • Løn etter lønssteg 60 - 63 i det statlege regulativ ved tilsetjing (kode 1109/LR24). Dette utgjer for tida kr. 532 300 – 563 700. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode trenings- og velferdstilbod.

Søknaden skal innehalde:

Søknad med vedlegg skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida ”Søk på jobben”.

Søknaden skal gjere greie for søkaren sine kvalifikasjonar for å delta i prosjektet (maksimum 2-3 sider) CV, kopi av vitnemål og attestar, relevant prosjekterfaring samt liste over vitskapleg arbeid.

  • Søknadsfrist: 30. september
  • Søknaden må merkast: 19/22388

Søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til enten:

  • Instituttleder Liv Johanne Syltevik, e-post liv.syltevik@uib.no, eller
  • Førsteamanuensis Susanne Bygnes, e-post: susanne.bygnes@uib.no, tlf. 55 55 58 91

Praktiske spørsmål kan rettast til Beathe Moldestad, e-post: beathe.moldestad@uib.no, tlf. 55 589056.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders og kjønnssamansetning og rekruttere personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Universitetet i Bergen nyttar prinsippet om meir offentleg innsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS