Stilling:

Forskar ved Institutt for samfunnspsykologi

Søknadsfrist 27. januar 2019

Ved Institutt for samfunnspsykologi er det ledig ei 100 % stilling som forskar for ein periode på 2 år knytt til Toppforsk-prosjektet: «Workplace bullying; From mechanisms and moderators to problem treatment» som er eit tverrfagleg forskingsprosjekt om årsaker, konsekvensar og tiltak ved mobbing og trakassering i arbeidslivet. Planlagt oppstart av stillinga er seinast 01.07.19. Stillinga er finansiert av eksterne midlar.

Det psykologiske fakultet tilbyr profesjonsutdanning for psykologar, har ansvar for universitetspedagogisk utdanning for UiB sine eigne tilsette, bidreg med pedagogikkdelen på lærarutdanninga, og tilbyr høgare utdanning innan eit vidt felt: barnevern, helsefremjande arbeid, pedagogikk, spesialpedagogikk, lærarutdanning, psykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi og logopedi. Fakultetet sine hovudsatsingsområde innan forsking er knytt til helse, utdanning, utviklingsrelatert forsking og basalforsking i vid forstand.

Den faglege verksemda ved Institutt for samfunnspsykologi (ISP) er omfattande og held internasjonalt nivå. Ved ISP har vi forsking og undervising innan ei rekkje grunndisiplinar som kognitiv psykologi, sosialpsykologi, utviklingspsykologi, personlegdomspsykologi og innan anvende felt som skule- og opplæringspsykologi, arbeids –og organisasjonspsykologi og samfunnspsykologi. ISP har sju forskingsgrupper og fleire tilsette inngår i forskingsgrupper ved andre institutt.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Toppforsk-prosjektet er finansiert av NFR og UiB. Til saman 5 ph.d.-stillingar, 2 postdoktorstillingar, 8 seniorforskarar, samt ei rekkje internasjonale samarbeidspartnarar er tilknytt prosjektet, som vert leia av professor Ståle Einarsen.
  • Den som vert tilsett skal arbeide med å gjennomføre og evaluere intervensjonar for å førebyggje og handtere mobbing og trakassering i arbeidslivet. Det må påreknast noko reiseverksemd i samband med dette.
  • Både planlegging og praktisk gjennomføring og evaluering av intervensjonar og det å publisere allereie eksisterande data vil kunne inngå i stillinga, litt avhengig av kvalifikasjonane til den som vert tilsett.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må fortrinnsvis ha oppnådd relevant ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad, eller alternativt ha utdanning på minst masternivå innan eit fagfelt relevant for stillinga på søknadstidspunktet
  • Det er ønskjeleg at søkjar har faglege og vitskaplege kvalifikasjonar innan felta psykososialt arbeidsmiljø, intervensjonar i arbeidslivet, konfliktar, og særleg mobbing/trakassering i arbeidslivet.
  • Erfaring frå FoU arbeid eller konsulentarbeid innan desse områda vil også telje positivt
  • Kandidaten må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg
  • Gode norskkunnskapar og godt kjennskap til norsk arbeidsliv er naudsynt

Vi kan tilby:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Forskar med doktorgrad løn etter lønssteg 64 - 74 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 8 - 10 ) etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer ei årsløn på kr 565 100 – 681 800 brutto. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Forskar utan doktorgrad løn etter lønssteg 54-64 (kode 1108/ LR 25, alternativ 8-10) etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 471 900 – 565 100 brutto. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser, erfaringar med intervensjonar og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Eventuelle publikasjonar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Du søkjer elektronisk i JobbNorge til Universitetet i Bergen via knappen på denne sida: «Søk stillinga». Søknad, CV og vedlegg skal kun sendast elektronisk i JobbNorge.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Søknadsfrist: 27.01.2019

Søknaden skal merkast: 18/13569

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Professor Ståle Einarsen

E-post: [email protected]

Mobil 911 83 855.

eller

Instituttleiar Roar Espevik

E-post: [email protected]

Tlf. 55 58 23 26

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga