Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar ved Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE)

Søknadsfrist: 28.07.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE) er det ledig ei fast stilling som forskar innan området lærerutdanning og digitalisering.

SLATE er eit tverrfagleg, nasjonalt senter for læringsvitskap som åpna i januar 2016 og som særleg skal bidra til forskingsbasert kunnskapsutvikling, utviklingsarbeid og kunnskapsdeling knytt til bruk av data til å forstå læring, undervising og kreative kunnskapsprosessar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Den som blir tilsatt i stillinga må samarbeide med tilsette ved SLATE, samt med fagdirektør for lektorprogrammet og fagleg koordinator for praksis. Forskaren rapporterer til senterleiar.

Hovudoppgåver:

  • følge prosessen med å utvikle lektorprogrammet
  • samle data om samarbeid mellom lærerutdanningsinstitusjon og partnerskular.

Forskaren skal, i samarbeid med skular, andre forskarar, masterstudenter og PhD-kandidatar undersøke spørsmål som:

  • Kva skal skulane bidra med i lærerutdanninga?
  • Korleis kan læringsanalyse støtte lærerutdanning?
  • Kva skal til for at undervisninga skal være student- og elevsentrert?
  • Kva kjenneteiknar gode døme på samarbeid om fagfornyelsen mellom skular og lærerutdanningsinstitusjon?
  • Korleis skal ein organisere og lede partnerskap for at dette skal bli vellykka over tid?
  • Korleis kan ein teknologisk infrastruktur bidra til betre integrert lærerutdanning?

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha tverrfagleg doktorgrad innan pedagogikk og teknologi.
  • Erfaring frå arbeid i teknologimiljø og god strukturforståelse.
  • God innsikt i internasjonal forsking på arbeidsområda – spesielt lærerutdanning, partnerskap og studentaktive læringsformer.
  • God kjennskap til norsk lærerutdanning.
  • Erfaring frå forskings-/utviklingsarbeid innan organisering og utvikling av lærerutdanning
  • Evne til å arbeide i tverrfaglege forskingsmiljø.
  • Evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar.
  • Vere pålitelig og sjølvstendig.
  • Ha ei sterk interesse for forsking og utvikling.
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 64 - 74 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 8-10) etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer ei årsløn på kr 572 700 - 691 000 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Eventuelle publikasjonar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon), ein av desse må vere hovudrettleiar frå doktorgradsutdanninga

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet hører innunder
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, til både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder
  • Senterleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • Forskaren har ikkje undervisingsplikt, men har i vente å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa
  • Forskaren kan søke kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen