Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar utan doktorgrad (mellombels) - Institutt for klinisk odontologi

Søknadsfrist: 07.04.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar utan doktorgrad (mellombels)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei 80 % mellombels stilling som forsker utan doktorgrad frå 23.04.19 til og med 23.12.19.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga er knytt til nanobiomaterialar og nanotoksisitet aktivitetar (NANOTOX gruppa), og er finansiert av Norges Forskningsråd.

Institutt for klinisk odontologi er partnar i to EuroNanoMed II prosjekt, eit HORIZON2020 prosjekt og eit NFR NANO2021 prosjekt og deltar i følgjande oppgåver:

i) utvikling av high-throughput impedanse-basert kartleggingsmetodar

ii) utvikling av ein mikro/nano-fluidic chip for å evaluere toksisiteten til nanomaterialar,

iii) utvikling av standardiserte operative prosedyrar «SOPs» for dispersering, fysikalsk-kjemisk karakterisering og biologisk testing av nanomaterialer

iv) bruk av avanserte mikroskopi metodar

Arbeidsoppgåver ved bruk av følgjande metodar/analysar:

  • fysikalsk-kjemisk karakterisering av nanomaterialar og nanopartiklar (DLS, UV-vis spektrofotometri, transmission- og scanning electron microscopy)
  • utvikling, implementering og bruk av SOPs (standardiserte operative prosedyrar) for dispergering og sonikering av nanopartiklar og for high-throughput nanotoksisitet screening.
  • cellekulturar
  • impedans baserte metodar for å vurdere de biologiske effektane av nanopartiklar
  • flow cytometry
  • protein analysar og proteomikk
  • forskjellige biologiske analysemetodar
  • inverted fluorescent, confocal, ultrahigh resolution microscopy, transmission- og scanning electron microscopy

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha M.Sc. innanfor relevant fagområde.
  • Søkjarar må ha god IT-kompetanse og god munnleg og skriftleg kunnskap i engelsk, kunnskap i norsk er ein føremon.
  • Søkjarar må beherske ein stor del av metodane som vert nytta i stillinga og elles ha dei nødvendige tekniske ferdighetene for å skaffe seg full teoretisk og teknisk forståing av nye metodar.
  • Erfaring innan fysikalsk-kjemisk karakterisering av nanomaterialer, nanotoksisitet testing og impedanse-basert metodar vert vektlagd.
  • Søkjarar må ikkje vere allergisk mot kjemikal som vert handtert med vanlege sikringstiltak.
  • Kjennskap til og røynsle frå universitetssystemet og offentleg forvaltning er ein føremon.
  • Den som blir tilsett i stillinga må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta og ha gode samarbeidseigenskapar.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1108/lønnsramme 25.5) i statens lønnsregulativ ved tilsetjing, for tida 449 900 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • eventuelle publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Mihaela Roxana Cimpan, e-post: Mihaela.Cimpan@uib.no, tlf.: 55 58 62 63

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS