Ledig stilling ved Universitetet i Bergen
Forskar (SEFAS)
Søknadsfrist: 25.08.2019
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar (SEFAS)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %). Stillinga er eksternt finansiert og er for tida knytta til det ny-oppretta Senter for alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS). Stillinga er finansiert av midlar frå Helsedirektoratet til SEFAS.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Om senteret
SEFAS er ein del av Institutt for global helse og samfunnsmedisin. Sentret er leia av professor Bettina Husebø. SEFAS har hovudfokus på forsking, undervising og implementering - basert på nasjonalt og internasjonalt samarbeid. SEFAS er del av Fagområde for eldremedisin, samfunnsfarmasi og tverrprofesjonell praksis (FEST) og er tilknytt der ny oppretta Senter for klinisk behandling (Neuro-Sysmed) ved Haukeland universitetssjukehus. SEFAS har for tida 16 medarbeidarar.
Hovudoppgåver
- rettleie ph.d.-stipendiatar
- utvikle og beskrive forskingsprosjekt
- søke om eksterne midlar til forskingsprosjekt
- jobbe for internasjonalisering av senteret sin forsking
- gjennomføre kortare undervisningsoppdrag på vegne av SEFAS
- leiarstøtte i saker som gjeld forsking og internasjonalisering til senterleiar og senterleiinga
Den som vert tilsett vil inngå som medarbeidar i fleire av sentret sine forskingsprosjekt.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- søkjar må ha relevant ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
- det er eit ønskje at søkjar har vitskaplege kvalifikasjonar innan medisin, geriatri, nevrologi, psykologi, farmakologi, eller helsefag.
- erfaring frå innovativ forsking vil og bli tillagt stor vekt
- det er eit ønskje at søkjar har erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar
- evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
- søkjar må høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
- det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid
- søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk og norsk
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
- eit godt og utfordrande tverrfageleig arbeidsmiljø i forskingsfronten
- løn etter lønssteg 59 - 62 (kode 1109/lønsramme 24.3 – 24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 523 800 – 552 800 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
- medlemsskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
- CV
- attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
- publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid (pdf) du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
- doktorgradsavhandlinga (pdf)
- to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:
- forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
- lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
- forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
- det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
- instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
- forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
- forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
- forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Professor Bettina Husebø, e-post: Bettina.Husebo@uib.no, tlf.: +47 55 58 67 35 / 48094660
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.