Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar (mellombels) - Klinisk Institutt 2

Søknadsfrist: 17.11.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2, er det ledig ei mellombels stilling som forskar (100 %) i 1 år. Stillinga er knytt til prosjektet «A randomized placebo controlled phase II study with Metformin in metabolic-unbalanced breast cancer survivors at higher risk for recurrence”, finansiert av Horisont 2020-programmet til EU.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

•Genuttrykksanalysar

•Analysar av steroidhormon

•Arbeid med prøvesvar og statistisk analyse

•Utarbeiding av manuskript

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • må ha norsk mastergrad i molekylærbiologi/biologi/biomedisin, eller tilsvarande kompetanse
  • må beherske norsk og engelsk på høgt nivå, munnleg og skriftleg
  • erfaring frå relevant forsking er ein fordel
  • det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar
  • søkjar må ha stor arbeidskapasitet, entusiasme for forsking og vere ansvarsmedviten.
  • søkjar må dokumentere evne til å jobbe sjølvstendig, vitskapleg kreativitet, og å kunne samarbeide med andre.

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan metabolisme og brystkreft
  • løn frå lønssteg 51-61 etter tenesteansiennitet (kode 1108/lønsramme 25.5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida kr 456 400 - 542 400 brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

•CV

•vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)

•eventuelle publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse

•to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Gunnar Mellgren e-post: gunnar.mellgren@uib.no tlf.: 55974366

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

(Ved utlysing og tilsetting i stillingsgrupper der kvinneandelen er under 40 % skal Universitetet i Bergen anvende moderat kjønnskvotering. Dette inneber at det ved utlysning av slike stillingar skal tas inn i utlysningsteksten ei særleg oppmoding til kvinner om å søkje. Følgjande tekst skal då tas inn i utlysninga: «Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.»).

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS