Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar i marin biogeokjemi

Søknadsfrist: 04.12.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Geofysisk Institutt er det ledig ei fast stilling som forskar i marin biogeokjemi.

Stillinga er knytt til tre prosjekt. Dei første 3,5 åra er stillinga finansiert av prosjektet ICOS Norge, finansiert av Noregs forskningsråd, VERIFY finansiert av EU under rammeprogrammet Horizon 2020 og Arven etter Nansen, som er det norske arktiske forskingsfellesskapet sin felles innsats for å etablere ei heilskapleg forståing av det arktiske marine klima og økosystem i endring.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga skal følgje opp arbeidsoppgåver i dei tre nemnde prosjekta i dei første 3.5 åra av stillinga. Dette inkluderer oppfølging av målingane av CO2 kjemien i overflatevatn frå containerskipet Nuka Arctica, bistå koordineringa av det marine målenettverket i ICOS-Noreg, kartleggje CO2 utveksling mellom hav og atmosfære i europeiske kystfarvatn og avgrense variasjonen i desse og kva som driv den, dele relevante data og utleia produkt, bidra til utadretta verksamhet, og hjelpe til med rapportering. Etter dei tre første åra, blir stillinga fortløpande knytt til arbeidsoppgåver i nye prosjekt, avhengig av prosjektinngang. Det er ein del av stillinga å både medverke til og leie prosjektsøknader.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. eller tilsvarande utdanning innanfor marin biogeokjemi.
  • Framifrå erfaring med målingar av CO2 innhaldet i overflatevatn frå handelsfartya er påkrevd, særskild med undervegs pCO2 målingar.
  • Erfaring med andre biogeokjemiske målingar, til dømes klorofluorkarboner, oksygeninnhald og primærproduksjon er ein føremon.
  • Erfaring med kartleggjing av CO2 flukser i kystnære farvatn er ein føremon.
  • Solid innsikt i prosessane som styrar karboninnhald i overflatevatn er påkrevd.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskningsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Vi kan tilby:

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 523 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte ommsetjingar til engelsk elller eit skandinavisk språk må lastast opp i jobbnorge.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet hører innunder
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, til både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder
  • Forskaren har i vente å ha si forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • Forskaren har ikkje undervisingsplikt, men har i vente å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa
  • Forskaren kan søke kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lovom statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS