Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar i kvantitativ paleoøkologi

Søknadsfrist: 09.10.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar i kvantitativ paleoøkologi

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for biovitenskap er det ledig ei fast stilling som forskar i kvantitativ paleoøkologi i forskningsgruppen Ecological and Environmental Change Research Group (http://www.uib.no/rg/EECRG).

Stillinga er finansiert av eksterne midlar. Dei første 3 åra er stillinga finansiert av EU-prosjektet Humans on Planet Earth – Long-term impacts on biosphere dynamics (HOPE) (http://www.uib.no/en/rg/EECRG/107501/hope)

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Eit viktig spørsmål innanfor biovitskapen er i kor stor grad forhistoriske menneske påverka biosfæren og klimaet på kloden. Det fins i dag mykje informasjon om korleis forhistoriske menneske har laga rydningar, drive landbruk, årsaka erosjon, og modifisert elvar og næringssystem, noko som har resultert i store endringar på kloden allereie for 8 000 - 11 000 år sidan. Men har menneske påverka dei viktigaste økologiske prosessane (t.d. «assembly rules» og interaksjonar mellom artar) som formar dei økologiske samfunna og dynamikken mellom artane? For å svare på dette spørsmålet vil vi i dette prosjektet bruke mønster i pollenstratigrafiske data for dei siste 11 500 år frå over 2000 stader rundt om i verda. Prosjektet bruker forskjellige numeriske teknikkar for å avdekke endringar i 25 økosystemegeigenskapar (artsmangfald, forskjellige mål på diversitet, endringar i økologiske samfunn i tid og rom, samvariasjonar mellom taxa, etc.). Mønster i desse eigenskapane vil bli samanlikna innan biomar, mellom biomar, innan kontinent og mellom kontinent ved hjelp av statistikk for å teste hypotesen om at dei forhistoriske menneskas aktivitetar har endra på dei grunnleggande prosessane om korleis dei økologiske samfunna er satt saman, og om dei forskjellige prosessane påverka kvarandre annleis som følgje av menneskeleg aktivitet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.–grad, samt minst to år med forskingserfaring innan kvartær paleoøkologi eller vegetsajonshistorie
  • Søkjarar må ha erfaring med programmering i R og med bruk av state-of-the-art statistiske og multivariate metodar for dataanalyse som er relevant for kvartær pollenanalyse
  • Evne til å hente inn eksterne forskingsmidlar må dokumenterast
  • Søkjarar må vere høgt motiverte, like å arbeide med store datasett og forstå relevansen til data og resultata som kjem frem
  • Søkjarane må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert, kunne samarbeide med andre og følgje opp utfordrande idear
  • Søkjarane må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg, og gode spanskkunnskapar vil vere ein føremon
  • Erfaring med å utvikla oversiktlige og reproduserbare arbeidsrutinar i arbeidet med større paleoøkologiske datasett vil vere ein stor føremon
  • Erfaring med bruk av GIS-verktøy vil være ein føremon
  • Kunnskapar om botanikk. til dømes, plantetaksonomi vil være ein føremon, og det vil også gode kunnskapar om sør-amerikansk flora, økologi og biogeografi
  • Erfaringar frå arbeid i større internasjonal prosjekter og grupper er ein føremon
  • Erfaringar frå, og leiing av, internasjonale vitskapelige prosjekt vil telja positivt

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Særeigne ansvarsområder for stillinga:

  • Kandidaten som blir anset vil ha følgjande spesifikke ansvarsområder innanfor ERC HOPE:
  • Utvida dekninga for pollendatabasen for Latin-Amerika, og lenka dette til den globale databasen Neotoma.
  • Utvikle og administrere HOPE-databasane med pollenstratigrafiske data og utvikle robuste og konsistente modeller for forholdet mellom alder og dybde for disse dataa.
  • Gjennomføre en rekke multivariate dataanalysar på eit stort tal pollensekvenser frå Amerika (Nord, Sentral og Sør) og Afrika.
  • Å spille en aktiv rolle i HOPE-forskarteamet ved å gi råd til effektiv kommunikasjon av komplekse resultat innan HOPE og i publisering av resultata frå HOPE-prosjektet.
  • Lede og utvikle prosjekter innan HOPE.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 523 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgrads- eller postdoktorutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste). Ver vennleg å inkluder DOI for dei vitskaplege arbeida, eller legg ved publikasjonar som ikkje har DOI.
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet hører innunder
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, til både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder
  • Forskaren har i vente å ha si forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • Forskaren har ikkje undervisingsplikt, men har i vente å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa
  • Forskaren kan søke kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lovom statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor John Birks (john.birks@uib.no), Institutt for biovitskap, Universitetet i Bergen

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS