Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar i katalytisk hydrodeoksygenering av biomasse

Søknadsfrist: 20.08.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Kjemisk institutt (https://www.uib.no/kj) er det ledig ei mellombels stilling som forskar i katalytisk oppgradering av ligninbasert biomasse. Stillinga er for ein periode på to år og knytt til prosjektet “Renewable aromatic hydrocarbons for fuel blending from lignin by novel homogenous catalysis” – ENERGIX, finansiert av Noregs Forskingsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Hovudmålet med prosjektet er å utvikle overgangsmetallbaserte katalysatorar for selektiv reduksjon (hydrodeoksygenering) av ligninbaserte sambindingar til aromatiske sambindingar for fornybart drivstoff og kjemikaliar. Kandidaten vil designe, lage og teste heterogeniserte metallorganiske fragment på metalloksid som katalysatorar. Dette eksperimentelle arbeidet vil verte komplementert av andre prosjektmedlemmer som studerer den katalytiske reduksjonsmekanismen ved å nytte reknebaserte metodar. Målet er at synergi mellom ekseriment og berekningar vil hjelpe utviklinga av nye katalysatorar.
  • Kandidaten vil verte innlemma i ei gruppe som inkluderer doktorgradsstipendiatar og Bachelor/Master-studentar og vil kunne nytte dette til å utvikle leiarskap og rettleiing.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning i kjemi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Solid bakgrunn i syntese, karakterisering og testing av heterogeniserte katalysatorar er eit krav. Denne erfaringa (teknikkar, nivå på røynsla, osv.) må verte spesifisert og dokumentert i søknaden.
  • Erfaring frå metallorganisk kjemi, i løysing og/eller på overflatar, er ein klar føremon. Det same gjeld erfaring frå syntese av metallpartiklar og handtering av kontinuerleg-flyt reaktorar.
  • Søkjarar må vere i stand til å arbeide sjølvstendig, og utføre laboratoriearbeid på ein strukturert, ansvarleg og sikker måte. Dei må òg kunne samarbeide med andre, og ha entusiasme for forsking og høg arbeidskapasitet.
  • Søkjarar må ha svært gode evner i skriftleg og munnleg kommunikasjon på engelsk.
  • Dokumenterte eksempel på kommunikasjon av vitskaplege resultat til eit breitt publikum av ikkje-spesialistar er ein føremon.

Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil telje i vurderinga av kandidatane. Det same gjeld personlege og mellommenneskelege eigenskapar .

Vi kan tilby:

  • Eit sterkt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 523 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV.
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
  • Relevante attestar.
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Inntil fem relevante publikasjonar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Dr. Erwan Le Roux, Phone +47 55589491, E-mail: Erwan.LeRoux@uib.no
  • Professor Vidar R. Jensen, Phone +47 55583489, E-mail: Vidar.Jensen@uib.no

Ein meir detaljert omtale av stillinga er tilgjengeleg her.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS