Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar i anvend og utrekningsorientert matematikk – porøse media

Søknadsfrist: 15.10.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Matematisk institutt er det ledig ei fast stilling som forskar i anvend og utrekningsorientert matematikk – porøse media frå 1. januar 2020. Stillinga er finansiert av eksterne midlar.

Det første året av stillinga er knytt til prosjektet “Thermo-Mechanical Subsurface Energy Storage (TheMSES)”, finansiert av «Toppforsk»-satsinga ved Noregs Forskingsråd. Deretter er dei neste to åra av stillinga knytt til prosjektet “Multi-phase flow in fracture networks (FracFlow)”, finansiert av Akademia.

Prosjekta fell inn under forskingsgruppa for porøse media, som omfattar omkring 30 personar, inkludert fast vitskaplege tilsatte, postdoktorar, ph.d- og masterstudentar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga skal følgje opp arbeidsoppgåver i dei to nemnde prosjekta dei tre første åra av stillinga. Dette inkluderer matematisk modellering, samt utvikling og analyse av numeriske metodar for problem med deformerbare porøse media, sprekker, og fleir-fase flyt. Etter dei tre første åra, blir stillinga fortløpande knytt til arbeidsoppgåver i nye prosjekt, avhengig av prosjektinngang. Det er ein del av stillinga å både medverke til og leie prosjektsøknader.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor anvend og utrekningsorientert matematikk, eventuelt i fysikk, geovitskap eller tilsvarande, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Solid bakgrunn i matematisk modellering, partielle differensiallikningar, numeriske metodar og numerisk simulering er eit krav.
  • Erfaring med likningane for elastisitet og strøyming i porøse media, og metodar for løysing av desse er eit krav.
  • Erfaring frå utarbeiding av søknader om prosjektmidlar.
  • God evne til å arbeide både sjølvstendig og i samarbeid.
  • Flytande skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Vi kan tilby:

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 523 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet hører innunder.
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert.
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder.
  • Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren, og forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med.
  • Instituttleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
  • Forskaren har normalt ikkje undervisningsplikt, men er forventa å rettleie master- og ph.d.- studentar, i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa.
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS