Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar (4 år) - Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 27.10.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %) frå 1.1.2020. Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til prosjekt Mohn ernæringsforskingslaboratorium. Prosjektet har ei førebels finansiering i fire (4) år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Stillinga som forskar er knytt til arbeidspakke II – Molekylære og funksjonelle studiar av diett-gen interaksjon og prosjektet går ut på å kartleggja grunnleggande molekylære mekanismar av metabolismen i fettvev,
  • Forskaren vil også få eit spesielt ansvar for gjennomføring av kliniske diett-intervensjonsstudiar, mellom anna CARBFUNC-studien, kor målet er å finne ut om karbohydratkvalitet/-kvantitet påverkar utvikling av fedme(Kort punktvis beskriving)

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

-søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad

-søkjar må ha vitskaplege kvalifikasjonar på postdoktor-/forskernivå innen ernæring, cellebiologi, metabolisme, molekylærbiologi, transkriptomanalyser og genomikk/genetikk

-kandiaten må ha god kjennskap til- og publikasjonar innan forskningsfeltet fedme og type 2 diabetes

-søkjar må ha erfaring med utarbeiding av prosjektsøknadar, med å utvikle og leie forskningsprosjekt innan fokusområda fedme og diabetes og han/ho må ha vist evne til å hente inn ekstern forskningsfinansiering

-kandidaten må ha erfaring med undervisning og rettleiing av master- og doktorgradstudentar. Erfaring som houvdrettleiar tilleggast vekt.

-evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane

-kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking

-søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg norsk og engelsk

-det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid innan ernæring og genomikk, og at han/ho har gjennomført ein periode som postdoktor ved eit fremståande utenlandsk universitet

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan ernæring, fedme og diabetes.
  • løn etter lønssteg 59 - 62 (kode 1109/lønsramme 24.3 – 24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 523 800 – 552 800 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderas
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet hører innunder
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, til
  • både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder
  • Forskaren har i vente å ha si forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og
  • forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • Forskaren har ikkje undervisingsplikt, men har i vente å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i
  • forskingsgruppa
  • Forskaren kan søke kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lovom statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Gunnar Mellgren, e-post gunnar.mellgren@uib.no, tlf. +47 55974366

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS