Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Prosjektleiar / leksikograf (forskar)

Søknadsfrist: 15.01.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

På prosjektet Norsk Ordbok revisjon a–h (NO-AH) lyser Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) ved Universitetet i Bergen ut ei fast 100 % stilling som prosjektleiar – forskar i kode 1108 (med mastergrad) eller kode 1109 (med doktorgrad). Den som blir tilsett, skal arbeide ved prosjektet NO-AH, og arbeidsstad er Universitetet i Bergen. Det vil bli utarbeidd eigen arbeidsinstruks for stillinga. Tiltreding 1. august 2020 eller etter avtale.

Om prosjektet NO-AH

Prosjektet er finansiert gjennom statsbudsjettet etter søknad for kvart budsjettår. Ein reknar med ei tidsramme for prosjektet på inntil ti år med ei redaktørgruppe som blir bygd ut alt etter storleiken på dei årlege tildelingane. Prosjektet skal saman med eksisterande miljø og prosjekt ved Universitetet i Bergen bidra til å byggje opp eit fast vitskapleg leksikografisk fagmiljø.

Norsk Ordbok dokumenterer norsk talemål etter 1600 og utviklinga av det nynorske skriftspråket. Arbeidet tok til i 1930, og verket blei fullført i 2015 med ei papirutgåve i tolv band og med ein digital versjon av siste delen av alfabetet, frå i til å. Føremålet med prosjektet NO-AH er å fullføre nettversjonen av Norsk Ordbok ved å revidere innhald og form på den delen av alfabetet som blei redigert før arbeidet blei flytta over på elektronisk plattform, strekket frå a til h. I papirutgåva dreier dette seg om band 1 til halve band 5. Revisjonen skal resultere i ei fagleg einskapleg, innhaldsmessig oppdatert og komplett digital Norsk Ordbok.

Andre oppgåver er å gjere Norsk Ordbok søkbar med gjeldande rettskriving og gje oppslagsorda bøyingsopplysningar. Det digitale kjeldegrunnlaget for Norsk Ordbok må byggjast ut, og særleg viktig er eit planlagt samarbeid med Høgskulen i Volda om vidareutvikling av Nynorskkorpuset. Det er eit mål å utvide bruken av kart til å vise geografisk utbreiing av oppslagsord, dialektordformer og tydingar. Kommunikasjon med ordbokbrukarar bør byggjast ut gjennom Norsk Ordboks nettside. Resultatet skal bli eit digitalt system som gjev ein eksplisitt, lettbrukt og vitskapleg fundert presentasjon av ordtilfanget i norsk talemål og nynorsk skriftspråk. Den som blir tilsett, bør ha interesse for slike oppgåver.

Arbeidsoppgåver og ansvar

Prosjektleiaren som NO-AH søkjer, er ein forskar med basis i norsk språk som ønskjer å vere med på og å byggje opp og leie eit fagmiljø som skal forvalte språkleg og kulturell arv samstundes som det blir utvikla moderne og brukarvenlege digitale løysingar. Dei tilsette ved NO-AH blir ein fagleg og sosial del av det vitskaplege miljøet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Ei sentral oppgåve for prosjektleiaren blir å leggje til rette for at NO-AH blir integrert i den faglege aktiviteten på instituttet, der det m.a. blir arbeidd med å utvikle eit studietilbod i leksikologi og leksikografi. I dette arbeidet må prosjektleiaren samarbeide tett med miljøet på Språksamlingane og den fast tilsette leksikografen for ordbøkene, i tillegg til prosjektet Revisjon av Bokmålsordboka og Nynorskordboka.

Mange datatekniske løysingar skal utviklast, og det blir viktig å kommunisere godt med programmerarar om utvikling av programvare undervegs i prosjektet. Det blir òg forventa at ein utnyttar tilgjengeleg språkteknologisk kompetanse, verktøy og løysingar, og at ein legg opp til samarbeid om tekniske løysingar der det er naturleg.

Det blir gjeve opplæring i redaksjonelle retningslinjer og bruk av redigeringsplattform. Når prosjektet er kome i gang med fleire tilsette leksikografar, får prosjektleiar òg rolla som hovudredaktør med ansvar for redaksjonell konsistens og kvalitetssikring av innhaldet i ordbokartiklane.

Prosjektleiaren vil òg fungere som bindeledd til leiinga ved instituttet og Det humanistiske fakultetet. Det vil bli oppnemnt ei styringsgruppe som skal bidra med hjelp og støtte til prosjektet og prosjektleiaren.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • høgare utdanning minst på mastergradsnivå eller tilsvarande i nordisk språkvitskap, lingvistikk eller anna relevant språkfag
  • prosjektleiaren må meistre nynorsk godt
  • kjennskap til leksikografi og bruk av redigeringsverktøy, databasar og tekstkorpus er ein fordel
  • innsikt i og erfaring med språkteknologisk arbeid er ein fordel
  • god kjennskap til struktur og variasjon i norsk talemål, gjeldande norm for nynorsk og nynorsk språkhistorie er òg ein fordel
  • leiarerfaring er ønskjeleg

Prosjektleiaren får ei viktig rolle i å skape ein god arbeidsplass både sosialt og fagleg, og må derfor ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. I ei stilling med svært varierte arbeidsoppgåver må ein vere både fleksibel og tiltaksam. Eit prosjekt med klare målsetjingar og krav til framdrift treng ein leiar som er ryddig og resultatorientert. Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • stilling som forskar stillingskode 1108 i lønssteg 56–64 (for tida 495 700–572 700 ) eller stillingskode 1109 i lønssteg 66 (for tida 594 000) i det statlege lønsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn
  • fleksibel arbeidstid
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

Send søknad elektronisk ved å klikke på knappen merkt «Søk stillinga» på denne sida.

  • søknadsbrev
  • CV
  • skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular
  • informasjon om og dokumentasjon på tidlegare røynsle og verksemd
  • publikasjonsliste
  • inntil 5 vitskaplege arbeid
  • namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Arbeida skal sendast til Universitetet i Bergen, LLE, Postboks 7805, 5020 Bergen. Vitskaplege arbeid kan leverast skriftleg til instituttet dersom søkjaren ønskjer dette.

Spørsmål til den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Generell informasjon

Det er ønskjeleg at den som blir tilsett, kan begynne så tidleg som mogleg.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Leiar for Språksamlingane Peder Gammeltoft, tlf.: 55 58 21 95, e-post: peder.gammeltoft@uib.no eller
  • Fungerande prosjektleiar Johan Myking, tlf.: 55 58 24 18, e-post: johan.myking@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS