Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar - Klinisk Institutt 2

Søknadsfrist: 12.01.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %). Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til NORMENT Senter for framifrå forsking. Prosjektet har ei førebels finansiering i 3 år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • (Prosjektet er i ei gruppe som har fokus på epigenetiske effektar i psykiske lidingar. Vår gruppe har fleire prosjekt i psykiske lidingar (schizofreni, bipolar liding, ADHD og OCD).
  • Vi gjennomfører Epigenome Wide Association Studies (EWAS) av forskjellige psykiske lidingar, fenotypar og miljøfaktorar
  • Vi er også involvert i forskjellige modellar (dyr og celler) for effektane på det epigenetiske nivået av psykiske lidingar, behandling og miljøfaktorar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
  • søkjar må ha erfaring med å analyse av DNA-metylering i store prøver (N> 1000) frå QC til anlyse av DMPs, DMRs og pathways
  • søkjar må ha erfaring med å jobbe på sikre servere som TSD og implementere nye analyse pipeline
  • søkjar bør ha litt erfaring med analyse av bisulfitesekvensering og RNA-sekvensering.
  • søkjar må ha erfaring med statistisk metode brukt i EWAS og R tools som er brukt for EWAS analyse
  • søkjar som har erfaring med analyse av komplekse lidingar og miljøeffektar, er spesielt velkomne til å søke på denne stillinga
  • søkjar må ha erfaring med bruk av R og må ha programmeringsferdigheter.
  • det er ønskjeleg at vedkomande har erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar
  • evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
  • søkjar må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk
  • det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan epigenetikk av psykisk liding.
  • løn etter lønssteg 59 - 62 (kode 1109/lønsramme 24.3 – 24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 523 800 – 552 800 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

For dei fakulteta som nytter kortliste over søkjarane må følgande tekst nyttast i tillegg:På bakgrunn av desse opplysningane vil den sakkunnige komiteen gjere ein gjennomgang av søkjarane. Deretter vil fakultetet invitere dei best kvalifiserte søkjarane til å sende inn vitskaplege arbeid.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til
  • både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-
  • studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i
  • forskingsgruppa
  • forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Stéphanie Le Hellard, e-post stephanie.hellard@uib.no, tlf. +47 55 973823

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Apply for position

Powered by Labrador CMS