Spennende jobbmulighet i Universitetsmuseet i Bergen ved uib!

Stipendiatstilling i arkeologi

Søknadsfrist: 01.09.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiatstilling i arkeologi

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvaltning og formidling som kjerneoppgåver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg òg ansvaret for utgravingsverksemda i medfør av Kulturminnelova med forskrifter, samt for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er ein sentral arena for forskingskommunikasjon for UiB. Museet har om lag 135 årsverk fordelt på om lag 200 tilsette. Nærare informasjon om museet her

Forskingsseksjonen er ei eining under Avdeling for kulturhistorie. Avdelinga har 29 fast tilsette (14 vitskapelege stillingar, 15 tekniske/administrative stillingar). I tillegg kjem eit varierande tal mellombels tilsette, inklusive 4 stipendiatstillingar

Ved Forskingsseksjonen, Avdeling for Kulturhistorie ved Universitetsmuseet i Bergen er det ledig ein PhD stipendiatstilling med tiltreding så snart som mogleg. Frist for søkjarane er 1. september 2023. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år som inkluderer 25 % pliktarbeid.Universitetsmuseet i Bergen har forvaltningsansvar for arkeologiske funn og bergkunstdokumentasjon frå Sunnmøre og Vestland fylke. Museet sine arkeologiske samlingar består av gjenstandar frå dei første steinaldermenneska busette seg langs vestlandskysten fram til og med mellomalderen då Bergen var blitt ein av dei største internasjonale handelsbyane i Norden. Mellom desse to ytterpunkta i tid kastar desse kjeldene lys over kulturell, teknologisk og samfunnsmessig utvikling gjennom fleire tusen år, med Vestlandets mangfaldige landskap som arena. I tillegg til gjenstandsmateriale inneheld samlingane eit stort arkiv- og fotomateriale med dokumentasjon frå arkeologiske undersøkingar utført gjennom dei siste 150 åra.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Det er ein føresetnad at søkjaren sjølv definerer sitt prosjekt innafor arkeologifaget der Universitetsmuseet sine arkeologiske samlingar skal brukast. Prosjektet vil verte vurdert i lys av forskingskompetansen ved Forskingsseksjonen. Sjå heimesider for oversikt over potensielle rettleiarar og forskingsområde.

Hovudrettleiar vil vere fast tilsett arkeolog ved Forskingsseksjonen. Søkjarar må ha etablert kontakt med ein rettleiar før ein søkjer på stillinga, og søknaden skal innehalde ei stadfesting frå denne rettleiaren. Rettleiar sitt namn skal komme tydeleg fram av søknaden.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjaren si masteroppgåve må ha eit omfang på minimum 30 studiepoeng (ECTS)
  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan eit fagområde som er relevant for ph.d.-prosjektet. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før søknadsfristen går ut
  • Søkjaren må kunne arbeide strukturert og sjølvstendig, og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må beherske eit skandinavisk språk og engelsk godt både munnleg og skriftleg
  • Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved UiB kan ikkje søkje

Ved vurdering av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Ph.d.-program ved Det humanistiske fakultet. Sjå heimeside for oversikt.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til musealt arbeid, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med rettleiar og instituttleiar ved tilsetjing.Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Forskingsseksjonen, Avdeling for Kulturhistorie, Universitetsmuseet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.Om forskarutdanningaStipendiatar skal delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år, som mellom anna inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og ein midtvegsevaluering halvvegs i stipendiatperioden.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Lønn tilsvarande ltr 54 i det statlege lønnsregulativet (kr 532.200 brutto per år), stillingskode 1017 stipendiat. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga (inntil 1 side)
  • Prosjektomtale på inntil 5 sider, ikkje medrekna litteraturliste. Prosjektomtalen skal innehalde:

 - Eit kort samandrag (abstract) som skisserer prosjektet. 

- Korleis vil prosjektet tilføre ny kunnskap innan forskingsfeltet? 

- Ein omtale av relevant forskingskontekst

 - Hovudmålsettingar, forskingsspørsmål og eventuelt hypotesar 

- Forslag til teoretisk tilnærming, materiale og metodologi 

- Ein godt utarbeidd framdriftsplan for prosjektet 

- Litteraturliste

Vedlegg:

  • Stadfesting frå hovudrettleiar for doktorgradsprosjektet, som er fast tilsett arkeolog ved Forskingsseksjonen, Avdeling for kulturhistorie, Universitetsmuseet i Bergen
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Eit kort samandrag av hovudfagsoppgåva/masteroppgåva (inntil 3 sider). Dersom hovudfags-/mastergraden ikkje er frå eit norsk universitet, kan du bli beden om å senda inn heile oppgåva
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad som viser at du har relevant utdanning. Vitnemål må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk
  • Liste over eventuelle vitskaplege produksjonar
  • Relevante attester og sertifika

Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format og må lastas opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Björn Nilsson, tlf. +4741246913

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS