Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Postdoktor i paleobotanikk (pollenanalyse)
Ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for naturhistorie, er det ledig ei stilling som postdoktor i paleobotanikk med spesialisering i pollenanalyse, evt. makrofossilanalyse. Stillinga er for ein periode på 3 år.Universitetsmuseet har forsking, samlingsforvaltning og formidling som sine kjerneoppgåver, med vitskapleg personale innan arkeologi, antropologi, kirkekunsthistorie, biosystematikk (botanikk og zoologi), geologi og paleobiologi. Museet har nærare 200 tilsette (153 årsverk) organisert i fire avdelingar/institutt og ein felles administrasjon. Til museet ligg óg forvaltingsoppgåver knytt til Lov om kulturminne. Eit stort naturvitskapeleg materiale blir innsamla frå arkeologiske kontekstar gjennom kulturminneforvaltinga, og frå naturlege basseng, og omfattar både førhistorisk tid og prøvar frå mellomalderbyen Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Vi søkjer ein paleobotanikar, primært ein spesialist i pollenanalyse innanfor Holocen periode, men makrofossilanalyse/arkeobotanikk kan óg vere aktuelt. Som postdoktor tek du del i eit paleobiologisk fagmiljø der forståing av mennesket sin påverknad på vegetasjon og landskap gjennom tid er viktig. Vi søkjer ein person som har kompetanse i bruk av moderne metodar som kvantitative analysar for pollenbaserte landskapsrekonstruksjonar eller sedDNA. I forskingsmiljøet inngår òg andre pollenanalytikarar, arkeologar og paleozoologar/osteologar. Postdoktoren vil inngå i eit arbeidsfellesskap med tre pollenanalytikarar/arkeobotanikarar, alle finansierte gjennom eksterne prosjekt og i hovudsak knytt til kulturminneforvalting.Personen vi søkjer skal bidra til å utvikle det paleobotaniske fagmiljøet ved Universitetsmuseet der forsking på materiale i museet sine samlingar inngår. Postdoktoren skal ta del i styrking av det tverrfaglege forskingsmiljøet ved Universitetsmuseet og utvikling av nasjonale og internasjonale nettverk. Det er venta at ein bidrar i utvikling av søknadar om eksternt finansierte forskingsprosjekt. Deltaking i formidlingsaktivitetar, undervising og oppgåver knytt til samlingane kan óg vere aktuelt.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha fullført norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innan kvartær pollenanalyse (subsidiært makrofossilanalyse), eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Brei kunnskap om og forståing for fagområdet
God kjennskap til ulike dataprogram, fortrinnsvis kunnskap om pollenbaserte rekonstruksjonar
Kunnskapar i arkeologi og GIS er ein føremon
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på engelsk
Gode norskkunnskapar er ein føremon
Personlege eigenskapar, evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert, samt gode samarbeidsevner, vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, internasjonal publisering, erfaring med innhenting av eksterne prosjekt, ambisjonar og potensiale vil òg telle ved vurdering.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
For stillinga skal det utarbeidast ein plan for gjennomføring av prosjektet som ligg til grunn for tilsettinga. Planen skal innehalde prosjektbeskriving, metodeval og framdriftsplan. Stillinga vil kunne verte forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt).
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
Løn som postdoktor etter kode 1352 etter hovudtariffavtalane i staten, lønnssteg 63 (615.700 brutto per år). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.