Vil du leie og utvikle forskings- og samlingsarbeidet til Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur?

Forskings- og samlingsleiar

Søknadsfrist: 28.02.2024

Nynorsk kultursentrum

Stiftinga Nynorsk kultursentrum, musea for nynorsk skriftkultur, forvaltar, formidlar og forskar på nynorsk språk og litteratur. Dette skjer både digitalt, og i form av arrangement og utstillingar i heile landet og ved dei tre musea våre: Vinjesenteret i Vinje, Haugesenteret i Ulvik og Aasentunet i Ørsta.

Forskings- og samlingsleiar for Nynorsk kultursentrum

Nynorsk kultursentrum forvaltar og formidlar verdifulle samlingar for nynorsk skriftkultur, inkludert boksamlingane til Ivar Aasen og Olav H. Hauge. Avdeling for forsking og samling forskar på og utviklar skriftkulturen i samspel med formidlingsavdelinga vår, som har tre museum og aktivitet i heile landet. Etter at tidlegare forskings- og samlingsleiar blei direktør er stillinga som avdelingsleiar for forsking og samling ledig. 

Som forskings- og samlingsleiar får du ansvar for dyktige tilsette i eit viktig, strategisk satsingsområde for stiftinga. Vi ser etter ein fagleg sterk leiar med solid forskingsbakgrunn, men vel så viktig er di evne og glede over å vera ein trygg og tydeleg leiar og medarbeidar. Erfaring innan leiing, forsking og samlingsforvaltning i museum er ein fordel. Det same er kjennskap til kultursektoren, språkpolitikk og/eller nynorskmiljø. 

Avdelinga består av fire konservatorar, ein spesialrådgjevar, ein bibliotekar og ein forskar II. Som avdelingsleiar blir du ein del av leiargruppa og bidreg i det samla, strategiske utviklingsarbeidet til organisasjonen og samarbeider tett med fire andre avdelingsleiarar. 

Viktige oppgåver for avdelingsleiaren er: 

  • Personalansvar og bidrag til eit trygt og godt arbeidsmiljø for dei tilsette 
  • Planleggje og fordele arbeidsoppgåver i avdelinga i tråd med måla til stiftinga 
  • Budsjettansvar for avdelinga, inkludert søknadsskriving, rapportering og å skaffe prosjektstøtte 
  • Utvikle og stimulere det samle kunnskapsarbeidet til stiftinga 
  • Medansvar for å sikre godt samspel mellom forsking- og formidlingsavdelinga og at det stiftinga formidlar kan etterprøvast og er forskingsbasert 
  • Delta i og utvikle samarbeid med nasjonale og internasjonale forskings- og museumsnettverk 
  • Eigne forskingsbidrag og arbeid med våre arkiv og samlingar 

Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein open bedriftskultur, engasjerte kollegaer, medlemskap i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon, gruppelivsforsikring og løn etter avtale.

Stillinga er ledig omgåande og kandidaten som får stillinga kan ta til etter avtale. Kontorstaden er ved Aasentunet i Ørsta kommune. Stillinga er fast og 100 %.

Send søknad med CV og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument til stilling@nynorsk.no. Hugs å ta med fullt namn, fødselsår, bustad og noverande stilling eller yrkestittel i søknaden.

Søknadsfrist: 28. februar.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju. 

Ta gjerne kontakt med direktør Olav Øyehaug Opsvik på epost olav.opsvik@nynorsk.no eller telefon 97 13 01 53 du har spørsmål. 

Behandling av personopplysningar i samband med rekrutteringSøkarar på stillingar i Nynorsk kultursentrum sender søknad, cv og personopplysningar til epostadressa stilling@nynorsk.no. Det er berre ein person i organisasjonen som har tilgang til denne og behandlar opplysningane som kjem inn der. 

Når søknadsfristen er ute blir det laga ei søkarliste med følgjande informasjon om kvar kandidat til stillinga: Namn, bustadkommune, fødselsår, noverande arbeidsstad og høgaste utdanning. Desse opplysningane blir lagra etter at tilsetjingsprosessen er over. All anna personinformasjon, som søknad, cv, kontaktdata blir sletta etter at tilsetjinga er gjennomført. 

Nynorsk kultursentrum har offentlege søkarlister. Om du ikkje skal stå på den, må du be om unntak i søknaden, og få det innvilga frå administrasjonen. Dei offentlege søkarlistene inneheld namn, bustadkommune, fødselsår og noverande stillingstittel. 

Det blir utnemnd eit tilsetjingsutval med inntil tre personar for kvar tilsetjing. Den som har personalansvaret for stillinga leiar dette utvalet. Utvalet har teieplikt om alt som kjem fram i tilsetjingsprosessen. 

Nynorsk kultursentrum kartlegg ikkje og lagrar ikkje sensitive personopplysningar. Vi sender heller ikkje vidare noko informasjon om søkarar utan samtykke frå kandidaten.

Dine rettar etter personopplysningslovenAlle har rett til generell informasjon om korleis Nynorsk kultursentrum behandlar opplysningar. Alle personar vi har registrert personopplysningar om, har rett på innsyn i det som er registrert om ein. Om desse opplysningane er feil, kan du krevje at dei blir retta eller sletta.

Powered by Labrador CMS