Spennende jobbmulighet ved Seksjon for forsking og innovasjon ved Helse Bergen!

Spesialrådgjevar - forsking

Søknadsfrist: 08.09.2021

Helse Bergen

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Forsking er ei av fire hovudoppgåver for helseføretaka, og er sidestilt med pasientbehandling og utdanning. For å fremje forskingas rolle og rammevilkår, har vi ledig ein ny, fast 100 % stilling som spesialrådgjevar.

Seksjonen for forsking og innovasjon har mellom anna ansvar for rådgjeving og støtte til helseføretaka i regionen, og har eit initierande og koordinerande ansvar for nettverksfunksjonar mellom sjukehusa på eit overordna nivå. I oppgåvene inngår også sekretariatsfunksjon for Helse Vest sitt samarbeidsorgan med regionens universitets- og høgskuleinstitusjonar, Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon, som er ein viktig arena for samarbeid på tvers av sektorane.

Vi søkjer etter ein medarbeidar med høg kompetanse og relevant erfaring frå fasilitering av vedtaksprosessar, som kan forberede og fremje saker som er viktig for heile verksemda, og som kan bidra til å styrkje regionalt og nasjonalt samarbeid om forsking. Stillinga omfattar ikkje forsking eller rådgiving mot enkeltprosjekt.

Spesialrådgjevaren vil samarbeide tett med fagleiar, og også samarbeide med forskingsleiinga i regionen og ved sjukehusa. Spesialrådgjevaren vil inngå i eit team av medarbeidarar som har regionale og nasjonale oppgåver.

Arbeidsoppgåver

  • Styrkje og vidareutvikle strategisk samarbeid om forsking, både på regionalt og nasjonalt nivå
  • Organisere og leie ulike arbeidsgrupper
  • Arrangere konferansar og nettverkssamlingar
  • Utgreiingsarbeid, saksførebuing og oppfølging av saker
  • Det kan vere aktuelt med andre oppgåver innanfor temaområdet forsking og innovasjon.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på mastergradnivå.
  • Erfaring med å leie utgreiingsarbeid og arbeidsgrupper blir vektlagt.
  • Kjennskap til organisering og styring av norsk helsevesen blir vektlagt.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne blir vektlagt, og søkjar må beherske norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar

  • Vere initiativrik, sjølvstendig og analytisk
  • God rolleforståing
  • Kunne jobbe målretta og resultatorientert, men også vere fleksibel
  • Ha god evne til å organisere, vere flink til å prioritere arbeidsoppgåver
  • Ha gode samarbeidsevner og å vere eigna til jobbens krav

Vi tilbyr

  • Vi kan tilby spennande utfordringar i ein organisasjon som er i sterk utvikling, dyktige og engasjerte kollegaer samt interessante og krevjande arbeidsoppgåver
  • Lønn etter avtale

Mangfoldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webcruiter-ID: 4412430164

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon:

  • Sølvi Lerfald (Fagleiar), 55974734 / 95890572, solvi.lerfald@helse-bergen.no
Powered by Labrador CMS