Stilling:
Direktør - Vestlandsforsking
Søknadsfrist 5. mars 2019
Vi søkjer ein strategisk, samlande og tydeleg direktør som ser heilskap og forstår utfordringane ved å leie eit marknadsorientert institutt på Vestlandet. I nært samarbeid med styret og medarbeidarane skal du vidareutvikle Vestlandsforsking som eit regionalt forankra forskingsinstitutt på den nasjonale og internasjonale FoU-arenaen. Det vil vere viktig å posisjonere instituttet som ein attraktiv samarbeidspartnar og ein synleg og relevant aktør.
Den ideelle kandidaten har relevant leiarerfaring og kunnskap om forsking. Vi legg vekt på leiareigenskapar. Evne til å utvikle instituttet, og å stimulere medarbeidarar til nytenking, fagleg utvikling og samhandling vil være sentralt. Direktøren må trivast med relasjonsbygging, strategisk arbeid og alliansebygging både nasjonalt og internasjonalt. Evne til å representere Vestlandsforsking overfor brukarar, myndigheiter, media og i forskingspolitiske fora er viktig.
Direktøren er Vestlandsforsking sin daglege leiar og rapporterer til styret. Vedkomande blir tilsett for ein åremålsperiode på seks år med mogeleg forlenging. Lønn etter avtale.
Interesserte kan ta konfidensiell og uforpliktande kontakt med
Liv S. Bøe, Amrop Delphi, tlf. 23 33 27 70.
Søknad med CV merket ACYH-006227
sendast til kontakt@amropdelphi.no innan 5. mars 2019.