Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Eigedomsdirektør - Eigedomsutvikling og -forvaltning

Søknadsfrist: 29.03.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Eigedomsdirektør (Avdelingsdirektør)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.

Universitetet i Bergen er eit nyskapande universitet, vi kryssar grenser mellom fag, og kunnskapsfrontar vert flytta på veg mot eit berekraftig globalt samfunn.

Eigedomsutvikling og -forvaltning skal bidra til å løyse universitetet sine unike arealbehov og bidra til å posisjonere universitetet som eit internasjonalt leiande forskingsuniversitet. Vår ambisjon er å skape gode arena for forsking, undervising, innovasjon og formidling i bygg som gjev gode arbeidsplassar for studentar og tilsette.

Vi søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og fagleg ambisiøs eigedomsdirektør til å ivareta ansvaret for utvikling, oppgradering, drift og forvaltning av eigedomsporteføljen til Universitetet i Bergen.

Bygningsmassen omfattar undervisningsbygg, laboratoriebygg, kontorlokale, musè og samlingar. Om lag 30% av bygga er freda og/ eller verneverdige.

Eigedomsavdelinga har om lag 100 tilsette organisert i einingane Drift, Prosjekt, Større satsingar og Fellestenester. Eigedomsdirektøren rapporterer til Universitetsdirektøren og er medlem av universitetsdirektøren si leiargruppe.

Arbeidsoppgåver:

  • Utvikling, forvaltning og drift av ein kompleks eigendomsportefølje
  • Ansvar for universitetet sine byggeprosjekt, herunder ivaretaking av byggherreansvar og god prosjektgjennomføring
  • Ansvar for drift- og serviceleveranse til universitetet sine tilsette og studentar
  • Sikre god utnytting av den totale eigedomsmassen og effektiv arealbruk
  • Skape gode, fleksible og effektive arbeidsplassar
  • Ansvar for sikring og beredskap knytt til eigedomsmassen
  • Utvikle eigedomsmassen i tråd med universitetet sitt mål om å bli klimanøytral
  • Budsjett-, resultat- og personalansvar for eigedomsavdelinga

Kvalifikasjonar:

Søkjaren må ha

  • Høgare utdanning på masternivå med fag innan byggteknikk og/eller eigedomsutvikling
  • Relevant leiarerfaring
  • Erfaring med forvaltning, drift og vedlikehold av bygg med høy kompleksitet
  • Erfaring med budsjettstyring og resultatansvar
  • God skriftlig og muntlig fremstillingsevne på norsk og engelsk

Det er ønskjeleg med

  • Erfaring som byggherre, god kompetanse på innkjøp og leverandørstyring
  • Dokumenterte resultat frå prosjektstyring av større prosjekt
  • God digital kompetanse

Personlige egenskaper:

  • Motiverande og tydeleg leiar med evne til å sette kurs, delegere, motivere og inspirere
  • Analytisk med god strategisk forståing
  • Utviklingsorientert og fagleg ambisiøs
  • Stor arbeidskapasitet
  • Profesjonell og serviceinnstilt

Vi tilbyr:

  • Stimulerande og utfordrande arbeidskvardag ved ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon
  • Fast stilling som avdelingsdirektør (kode 1060) i lønssteg 90 - 95 (for tida kr 1 060 700 - 1 175 600) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Ei leiarstilling med innflytelse på universitetet som viktig samfunnsinstitusjon og byutviklar i Bergen
  • Godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm, Kjell.Bernstrom@uib.no, tlf: 957 70 062 eller
  • HR-direktør Sonja Irene Dyrkorn, Sonja.Dyrkorn@uib.no, tlf: 481 62 687

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS