Ledig stilling ved OsloMet

Forskingsdirektør - Divisjon for FoU

Søknadsfrist: 03.11.2019

Resultatorientert forskingsdirektør med sterk evne til gjennomføring

OsloMet

OsloMet – storbyuniversitetet er landets tredje største universitet, med over 20 000 studenter og mer enn 2000 ansatte. OsloMet leverer kunnskap og yrkesutøvere samfunnet er avhengig av, og er tett på arbeidslivets behov. OsloMet er et urbant og mangfoldig universitet med internasjonalt preg og et attraktivt studie- og arbeidssted med studiesteder midt i Oslo og på Kjeller ved Lillestrøm. Tilstedeværelsen i hovedstadsregionen gir universitetet gode muligheter til å forstå og høste fordelene av byens varierte befolkningssammensetning.

Som forskingsdirektør vil du få ansvar for å leie FoU-avdelingas medarbeidarar og vidareutvikla ein framtidsretta og velfungerande FoU-administrasjon. Forskingsdirektøren skal vere ein strategisk pådrivar for forskingsverksemda ved fakulteta og forskingssentra, og skal medverke til å utvikle og koordinere arbeidet på desse områda. Direktøren skal motivere og sikre gode samarbeidsrelasjonar internt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Direktøren skal saman med viserektor for FoU stimulere til auka forskingsinnsats, innovasjon og nyskaping, og styrkje den internasjonale forskingsprofilen til universitetet.

Direktøren rapporterer til viserektor for FoU.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere

  • oppfølging og implementering av prosjekter og prosessar innan FoU
  • utvikle og implementera strategiar innanfor ansvarsområdet, m.a. etablere gode arbeidsprosessar og styringsverktøy
  • koordinere arbeidet innanfor ansvarsområdet mellom fellesadministrasjonen og fakulteta/sentra, og leggje til rette for gode møteplassar for administrative forskingsmedarbeidarar
  • leggje til rette for at forskarane ved universitetet har tilgang på nødvendig spesialistkompetanse i utarbeiding av søknader om eksterne forskingsmidlar, særleg knyta til EUs rammeprogram
  • oppfølging av OsloMet sine rapporterings- og dokumentasjonsrutinar opp imot dei sentrale organa innanfor FoU-området

Vi ser etter deg som har

  • har leiarrøynsle frå fagområder knyta til forskingsadministrasjon i universitets- og høgskulesektoren, og/eller forskingssektoren
  • kan vise til dokumenterbare resultat frå liknande arbeid
  • har solid erfaring frå personalleiing, og mål- og økonomistyring
  • er strategisk orientert og set seg raskt inn i komplekse oppgåver
  • har høgare utdanning, fortrinnsvis på ph.d.-nivå
  • gode norskkunnskaper, skriftlig og muntlig
  • gode engelskkunnskaper, skriftlig og muntlig

Vi ynskjer deg som

  • er resultatorientert og med stor evne til gjennomføring
  • har evne å inspirera og motivera dine medarbeidarar
  • er god til å kommunisere og skape teamfølelse
  • har evne til å byggje nettverk og kjennar verdien av relasjonar med relevante samarbeidspartnarar

Det er viktig for OsloMet å spegla menneska i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomen. Vi arbeidar aktivt for å utvikla oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du treng det. Har du periodar i livet kor du ikkje har vore i arbeid, utdaning eller opplæring er du også velkomen til å søkja hjå oss.

Vi kan tilby deg

  • gode vilkår for fagleg vidareutvikling
  • gode låne- og pensjonsvilkår i Statens Pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • ein arbeidsplass i stadig utvikling

Universitetet tilbyr utfordrande og varierte leiaroppgåver i eit aktivt og mangfaldig fagmiljø med høgt motiverte medarbeidarar. Gode leiarar og effektive leiarteam er viktig for oss. Difor legg vi vekt på nettverksbygging og høve til utvikling for leiarar.

Du må lasta opp attestar og alle sider av vitnemål. Dokumenta må vera på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar må vera autoriserte. Dersom du vert innkalla til intervju må du visa fram originalen der. OsloMet kontrollerar dokument slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse.

Andre opplysningar

Stillinga blir løna etter Statens lønnsregulativ, stillingskode 1060 lønnstrinn 82-86, som svarar til kr 860 300 - 963 200. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon om stillinga, kontakt:

  • Viserektor for FoU Per Martin Norheim-Martinsen, tlf. 45033444
  • HR direktør Geir Haugstveit, tlf. 94877592

Vi nyttar eit elektronisk rekrutteringssystem. Vil du søkje stillinga, registrer søknad og CV ved å følgje lenke til elektronisk søknad annan stad på denne sida – « Søk her ».

Søknadsfrist: 03.nov.2019

Ref.:      19/09795

OsloMet har implementert Charter & Code og er sertifisert av EU kommisjonen til HR Excellence in Research (HRS4R).

OsloMet deltar i EU nettverket for mobilitet av forskere Euraxess.

Søk her

Powered by Labrador CMS